Meny
Bli medlem

Fyll opp verktøykassa

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane reagerer sterkt på Regjeringa Solberg sine dramatiske kutt i løyvingane til Innovasjon Noreg, kommunale næringsfond og regionale utviklingsmidlar

 

Grunderar som røysta Høgre / Frp ved valet i haust hadde neppe venta at det var dei som skulle kuttast først.

Tilgang på risikokapital vert av mange peika på som den største bøygen for å få til nyetableringar. Ved hjelp av Innovasjon Noreg har mange lukkast med å skape si eiga bedrift. Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner vi må styrkje verkemiddelapparatet, ikkje rasere det slik den noverande regjeringa legg opp til.

Uttale frå fylkesårsmøtet 1. mars, Balestrand