Meny

Fyllingsdalen: Kulturhus og helsesøstertjeneste

Gruppeleder Ove Sverre Bjørdal la mandag fram Senterpartiets forslag til budsjett. For Fyllingsdalen sin del var det to saker han spesielt la vekt på: - Nå må Fyllingsdalen også få sitt kulturhus. Bergen Sp har arbeidet for dette i mange år, og har satt av midler til dette i budsjettforsalget vårt. Også helsesøstertjesten er viktig. At Fyllingsdalens tilbud har blitt redusert er Sp i mot, sier Bjørdal.

 Kulturhus i Fyllingsdalen.

Senterpartiet har arbeidd for etableringa av eit kulturhus i Fyllingsdalen i mange år og vil med budsjettframlegget vårt framskunde byggjinga av kulturhus i bydelen. Vi har sett av investeringsmidlar til dette både i budsjettet og i økonomiplanen. Byrådet foreslår å byggje dette i eit OPS-samarbeid. Primært ynskjer Senterpartiet å byggje dette i kommunal regi og set av midlar til dette. Plassering og realiseringstidspunkt er likevel meir avgjerande enn byggjing i kommunal regi, og vi er difor opne for leige dersom dette mogleggjer ei betre løysing.

 2. Styrkjing av helsesystertenestene

Ei av Bergen Senterparti sine hjartesaker er helsesystertenestene og helsestasjon for ungdom. Dei driv eit viktig førebyggjande arbeid, og det er avgjerande at dei har tilstrekkjelege ressursar. Fyllingsdalen har vore nedprioritert. Senterpartiet er i mot dette, og har difor sett av midlar i budsjettframlegget vårt.

 3. Etablering av lokalmedisinsk senter

Bergen kommune var ikkje budd på Samhandlingsreforma. Ein måte å møte denne på er å etablere lokalmedisinske sentra. Senterpartiet meiner Fyllingsdalen og Laksevåg treng eit slikt senter. Dette vil kunne gje tilbod til pasientar før, etter og i staden for sjukehusinnleggjingar, og redusere presset på allereie pressa sjukeheimar. Det vil òg kunne gje eit breitt poliklinisk tilbod.

4.  Gjenoppretting av bydelsstyra

 Senterpartiet ser på ordninga med bydelsstyra som ein viktig reiskap for å styrkje lokaldemokratiet i Bergen og vil difor gjenopprette bydelsstyra i Bergen etter mal frå ordninga i Oslo.