Meny
Bli medlem

Fysisk aktivitet - naturleg medisin

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Senterpartiet har i vår fremma forslag for Stortinget om å innføre ei ordning som sikrar elevar på 1.?10. trinn minst ein time fysisk aktivitet kvar dag. Stortinget debatterte saka den 12.juni. Debatten var merkverdig. Forslaget vart stemt ned sjølv om ? alle? var for, skriv Kjersti Toppe.

 



Av Kjersti Toppe (Sp), 1.nestleiar i Stortingets helse- og omsorgskomiteen

Det fysiske aktivitetsnivået i Noreg er i dag urovekkande lågt.  Berre ein av fem vaksne oppfyller dei daglege anbefalingane til fysisk aktivitet. Ungdom er like stillesitjande som pensjonistar. Aktivitetsnivået fell raskt etter 9-10 års alderen. Berre halvparten av 15-åringane oppfyller dei helsefaglege råda om å ein times fysisk aktivitet kvar dag. Fysisk aktivitet er blitt eit klassespørsmål.

Mange organisasjonar har skjønt det. Nasjonalforeininga for folkehelsa, Kreftforeininga, Norsk Fysioterapeutforbund, Legeforeininga og Noregs Idrettsforbund har alle stått saman om kravet om å tydeleggjera skulen sitt folkehelseansvar. Dei vil ha eit forpliktande mål om éin time dagleg fysisk aktivitet for alle skuleelevar.

Senterpartiet støttar dette. Men dessverre er den nye regjeringa avvisande. Då dei blåblå kom til makta, blei  samtidig folkehelsemåla svekka.  Regjeringspartiet FrP, som før valet ville ha  ein time med fysisk aktivitet kvar dag i skulen, vil ikkje likevel. Målsettinga frå Folkehelsemeldinga om å utgreie korleis ein time fysisk aktivitet i skulen  kunne innførast, har Regjeringa lagt til side. Det er beklagelig.

Fysisk aktivitet er gratis medisin. Meir fysisk aktivitet i  befolkninga kan effektivt kutte behandlingskøar. Fysisk aktivitet kan redusere sosiale helseforskjellar. Fysisk aktivitet i skulen vil fremme læring, betre konsentrasjonsevna og   auke skuleprestasjonane. I skulen når ein alle barn og unge på tvers av sosiale skiljeliner. Fysisk aktivitet i barndommen legg grunnlag for mestring, trivsel og velvære seinare i livet.

Å innføre ein times fysisk aktivitet kvar dag i skulen vil koste pengar. Men det vil koste meir å la være. Helsedirektoratet  har nyleg rekna ut at dersom alle i Norge hadde vore fysisk aktive i tråd med dei  faglege tilrådingane , ville det gi ein velferdsgevinst på  239 milliardar -  kvart  år ! Det er nesten to norske sjukehusbudsjett, årleg. Vi veit at fysisk aktivitet kan brukast som førebygging og behandling av om lag 30 ulike diagnosar og sjukdomar.  Fysisk aktivitet kvar dag i skulen vil vere ei god investering. Så kva ventar vi på?

Senterpartiet har i vår fremma forslag for Stortinget om å  innføre ei ordning som sikrar elevar på 1.–10. trinn minst ein time fysisk aktivitet kvar dag. Stortinget debatterte saka den 12.juni. Debatten var merkverdig. Forslaget vart stemt ned sjølv om ” alle” var for. Nokon ymta om at folkehelse ikkje kan løysast i skulen, og at foreldra må ta ansvar heime. Sjølvsagt. Men dei helsefaglege tilrådingane er klare; vi er nøydde å bruke skulen som førebygginsarena for å nå alle born og unge, uansett bakgrunn.  

Det er tid for handling. Å sikre alle elevar 60 minutt dagleg variert og morosam fysisk aktivitet vil gi elevane gode helsevaner. Kommunar som skuleeigar må kunne gjere lokale tilpassingar, og det må vere rom for å ha fleire måtar å gjennomføre ordninga på. Ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen kan realiserast utan vesentleg endring i timetalet.  Ein kan ta noko tid  frå dei andre teorifaga, og ein kan gjere fysisk aktivitet til arbeidsmåte i andre fag på timeplanen - jamfør forsøk og gode erfaringar bl.a. i Sogndal. Alt treng ikkje skje i ein gymsal.

Regjeringspartia og Venstre stemte ned  forslaget vårt. Men forslaget fekk tilslutning frå både Arbeiderpartiet, SV og KrF.  Det betyr at vi no manglar berre stemmene til Venstre, for å trosse Regjeringa og sikre eit breitt politisk fleirtal i Noreg for auka fysisk aktivitet i skulen Det er på høg tid.