Meny
Bli medlem

- Gjer NAV til hovudsak!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide (Telemark) krev eit einklare og nærare NAV, og seier staten må vere ein medspelar for folk når livet endrar seg.

 

Kampen mot unødig byråkrati, og samspelet mellom stat og individ er viktige tema i vår ideologi. Det personlige ansvaret står sentralt, og vi vil ha ein effektiv stat som er medspelar i ulike livsfasar. Staten skal ikkje vere overalt, men staten skal vere der når det trengst. Eit godt ideal – men eit stykke unna den staten mange møter gjennom NAV­-systemet.

For tanken var bra! Ei dør inn – god og skreddarsydd hjelp – raskt vidare i livet! Noko har blitt betre, men på viktige område er reforma langt frå i mål. Vi har utdaterte datasystem, gode kompetansemiljø som smuldra opp på vegen og ei byråkratisk papirmølle – eller forvaltningseiningar som NAV sjølve kallar det.  I sum ser vi ein stat som gjev ei større belastning for folk i ein allereie krevjande livssituasjon – ein motspelar.

For kvifor er det slik at lokalkontora må sende sjølv den mest opplagte saka vidare til ei ansiktslaus forvaltningseining? Kvifor får ikkje brukaren vite kven som behandlar saka? Kvifor tek ikkje NAV berre opp telefonen når eit skjema manglar eit kryss eller eit vedlegg? Kvifor slit sjølv norsklærarar med språket i brev og skjema frå NAV? Kvifor er ordningane så lite fleksible og kvifor må folk betale tilbake pengar når det er NAV som har gjort feil?

Spørsmåla er mange, og vi må vere det partiet som finn løysingar og ordnar opp! Landsmøte – det må vere ei prioritert sak for Senterpartiet å få eit enklare og nærare NAV!

Enkeltmennesket må i fokus! Folk tek ikkje kontakt med NAV for moro skuld, men fordi noko har endra seg i livet deira.

Lokalkontora må få meir makt – vi må kjempe for å få NA-V­kontor i kommunane som kan bestemme over meir enn om dei skal ha pulverkaffi eller traktarkaffi på kontoret!

Fleire tenester må bli sjølvbetjente på nett, til dømes uttak av foreldrepengar. Det må bli betre overgangar mellom ulike ordningar, slik at behovet for inntektssikring og det å motivere folk til å vere i arbeid kan kombinerast. Folk må få namn og nummer saksbehandlar for å sikre best mogleg oppfølging.

Så må staten ta ansvaret for feil staten sjølv har begått. Personar som har fått utbetalt for mykje på grunn av at NAV har gitt feil informasjon, skal sleppe å betale dette tilbake.

Samtidig meinar eg at tida ein kan få etterbetalt ei yting ein har hatt krav på utvidast frå 3 til 6 månader frå søknadstidspunktet.

Dette er berre nokre av dei riktige svara dersom NAV skal bli ein medspelar i livet når ting ikkje går heilt som planlagt.

Vi må ha ordningar som er tilpassa livet - ikkje liv som vert tilpassa ordningane!

Landsmøte – dette må Senterpartiet kjempe for å få på plass! Difor har Telemark Sp og Senterungdommen sendt inn ein resolusjon som eg håpar landsmøtet vil behandle.