Meny

Globalisering og fri flyt

Sist endret: 16 03 2017
Vi har dei siste tiåra opplevd ei globalisering utan sidestykke. Menneske, kapital, mat og dyr blir frakta og flytta rundt jordkloden i eit virvar av ruter.

No byrjar vi å merke konsekvensane av dette.  I Nationen 13.09.2014 stod det ein artikkel om den antibiotikaresistente bakterien  ESBL  som utviklar seg gjennom kyllingar importert frå blant anna Skottland. Tidlegare i sommar har det vore mykje fokus på MRSA-bakterien som vi kan bli smitta av gjennom svinekjøt. Denne bakterien er eit stort problem i EU.

Dette er ein alvorleg trussel for vår matsikkerheit og ikkje minst for helsa vår. Kvart år døyr det ca 30.000 menneske i Europa på grunn av antibiotikaresistente bakteriar. Enn så lenge har vi vore skåna, men om ikkje strenge og effektive tiltak blir satt i verk vil vi også få dette problemet.

Antibiotika blir i dag brukt førebyggande før store operasjonar men også på  rutinemesige inngrep som keisarsnitt og prostatabiopsier. Utan antibiotika vil risikoen ved desse inngrepa blir langt større enn dei er i dag på grunn av infeksjonsfara.

Det er ikkje tilfeldig at vi i Norge har vore skåna for dette så langt, for her har vi vore restriktive i bruken av antibiotika både for menneske og dyr. Dette kan fort snu om vi ikkje tek dette alvorleg og set inn tiltak for å bekjempe det.

Vi treng ein berekraftig matproduksjon med stuttreis mat. Vi treng forsking  som gjer at vi kan møtte desse utfordringane. Vi treng ein fortsatt restriktiv antibiotikabruk.  Vi treng ikkje eit meir industrialisert landbruk, men heller land bruk slik vi har i dag.  Det er gjennom  store, einsidige monokulturelle produksjonar vi tuklar med naturen og den si evne til å regulere seg sjølv. 

Senterpartiet skal kjempe for at dei nødvendige tiltaka blir sett i gang for å bli kvitt antibiotikaresistente bakteriar i norsk mat. Da er det ikkje kapital og fri flyt som skal legge føringane, men dei helsemessige konsekvensane for kvar enkelt av oss.

Aud Hove

Oppland Senterparti