Meny
Bli medlem

God gaupejakt!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I Telemark har vi i fleire år hatt langt fleire gauper enn Stortinget har vedteke. Dette har gjort situasjonen fortvila for mange av sauebøndene våre. Dyr på beite er heilt avgjerande for at vi skal produsere mat til ei befolkning som aukar, og for at kulturlandskapet i Telemark ikkje skal gro att.

Eg ynskjer å rette ei takk til alle som er ute i skog og mark og sporar gaupe (og ulv) og alle som bidreg i lisensjakt og skadefelling. Dette er veldig viktig arbeid, og no er jakta rett rundt hjørnet.

Eg er svært glad for at Miljøverndepartementet no har stadfesta gaupekvota som rovviltnemnda gjekk inn for. Dette gjenopprettar tilliten til rovviltforvaltninga, og gjer von om at vi alle kan gå ein betre beitesesong i møte enn på lenge, i alle fall med tanke på rovdyr.

Beate Marie Dahl Eide (Sp)
Varamedlem rovviltnemnda