Meny
Bli medlem

God grunnlovsfeiring 17. mai!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Kjære alle! Eg vil ynskje dykk alle ei god 17.mai! I år er det ekstra stas i vere med på feiringa med Grunnlovsjubileet! Det minner oss på kva me har av røtter og tradisjonar. Oppfordrer alle til å henge ein bjørkekvist øverst i flagget i 17.mai toget for å vise si støtte til bøndane!

 

 

Nordmannen liker å vere fri og uavhengig. Heilt sidan vikingtid har folket uttrykt meininga si og medbestemming på Tingstadane. Under Napoleonskrigane samla folket seg rundt i alle kyrkjene i landet og sverga ed på å forsvare Noreg sitt sjølvstende. Deretter utnemde dei valmenn til å reise til Eidsvoll. Noreg fekk si Grunnlov 17.mai 1814. Dette er ei lov tufta på den amerikanske konstitusjonen frå 1787 og den franske grunnloven frå 1791. Felles for desse moderne lovane var at dei var bygd på tre prinsipp; folkesuverenitetsprinsippet ( folket skulle velge sine representantar til ei folkeforsamling), maktfordelingsprinsippet (lovgivande, utøvande og dømmande), og borgarrettar.

I dag 200 år seinare må me fortsatt engasjere oss for å verne om demokratiet. Som folkevalgte og Senterpartistar har me fått ein travel politisk kvardag med blåblå regjering som utfordrer våre verdiar kvar einaste dag. Kva vil me med norsk landbruk? Kva vil me med lokalsjukehusa? Treng me politi i heile landet? Kor mange kommunar skal det vere? Kva forhold skal Noreg ha til EU? Er det mogleg å stoppe sentraliseringskreftene? Er det mogleg å privatisere både bestemor og politi? Etter kommune proppen vart lagt fram er det berre å bu seg på harde budsjettrundar til hausten rundt i kommunane. Etter å ha høyrd Listhaug i debatt om landbruk er det til å bli skremt av. Korleis klarer KrF og V å få nattesøvn etter å ha satt inn ei slik blåblå regjering?

 

Noreg treng eit sterkt demokrati. Noreg treng Senterpartiet. Senterpartiet treng engasjerte og motiverte politikarar. Som fylkesleiar vil eg takke kvar og ein av dykk for den jobben de gjer for demokratiet! For den jobben de gjer for Senterpartiet! Takk for at de driv med kvardagspolitikk for kvardagsfolk! Ha ei god 17.mai! Eidsvollsmennene tok kvarandre i hendene og svor eden "Enig og tro til Dovre faller!" Me i Senterpartiet får med ei lett omskriving feire Grunnlovsjubileet med "Enig og tro til Erna faller!"