Meny
Bli medlem

God påske Telemark Senterparti!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Eg ynskjer dykk alle ein god påskeferie! Me går inn i ferien med ein travel vinter bak oss. Heile organisasjonen på alle nivå treng ros. Det var godt å få valt ny leiing etter uroa som har råda i partiet. Me var 13 senterpartistar pluss observatørar som reiste til Landsmøtet på Lillestrøm. Det vidare arbeidet skal vere med fokus på kva me vil framover, å få fram SP sin kvardagspolitikk for kvardagsfolk! Me vil gratulere Trygve med nytt verv som leiar! Neste steg er Landsmøtet 2015 i Haugesund. Då skal me fokusere på programmet og politikken. Det vert viktig fram mot lokal- og fylkesvalet! Eg vil oppmode så mange som mogleg å legge 1.mai feiringa til Rjukan. Trygve kjem og skal halde tale på torget. Heile toget og markeringa vil vere til støtte for lokalsjukehuset. Dette er ein fin anledning til å vise kva SP har og vil jobbe med for å sikre gode og trygge lokalsamfunn. Telemark Senterparti vil takke Telemark Senterkvinner for eit flott gjennomført Landsmøte for Senterkvinnene på Norsjø 4.-6.april! Eit arrangement som sette politikk i fokus og som gav deltakarane ei helg med politisk verkstad og påfyll av kultur! Me er stolte av å kunne gratulere Beate som nyvald leiar for Senterkvinnene! Med det vert ho sentralt plassert i Senterpartiet og vil få plass i sentralstyret! Kvar og ein av dykk som er aktive i lokalpolitikken har og lagt bak dykk ein travel vinter. Eg vil likevel trekke fram Tokke og Notodden SP som om mogleg har hatt dei tøffaste taka. Det er uttrykk for engasjement å engasjere seg i lokalsamfunnet, men det er dagar då det røyner på. Då er det viktig med nettverk. Det står respekt av å vere lokalpolitikar! Stå på! Rett over påske samlar Telemark Senterparti seg til nominasjonsmøte. 28.april starter den lange valkampen. Me skal byggje team-Terje! Saman med lokallaga skal SP samle oss til å vise Telemark at me har styringsvilje og styringsmotivasjon! Eg vil ynskje dykk alle ei lang og god påske! Gledar meg til å drive "våronn" med SP politikk! Anne-Nora, fylkesleiar ?