Meny
Bli medlem

God undervisning er hovudoppgåva

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane er uroa over at det vart brot mellom Kommunenes Sentralforbund og Utdanningsforbundet i forhandlingane om ny arbeidstidordning for lærarar.

I Sogn og Fjordane har partane hatt tradisjon for å samarbeide godt om skule og skuleutvikling. God skuleleiing og flinke lærarar er to av fleire faktorar for at Sogn og Fjordane har elevresultat som ligg heilt i toppen nasjonalt. Senterpartiet meiner det er viktig å ha ei arbeidstidsavtale som sikrar like vilkår og ressurstilfang uavhengig av kvar i landet skulen ligg. Dette, saman med at samfunnet har tillit til det arbeidet lærarane gjer, vil vere med på å sikre at vi også i framtida kan rekruttere dyktige lærarar.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har tillit til lærarane og ynskjer lærarar som får bruke tida si på å førebu og gjennomføre god undervisning når elevane er på skulen.

 

Uttale frå fylkesårsmøtet 1.3, Balestrand.