Meny
Bli medlem

Gode erfaringar med passivhus

Sist endret: 27.09.2020
Me byggjer stadig fleire energieffektive passivhus her til lands. Ein ny rapport frå Sintef Byggforsk tyder på at passivhus gjev gode bustader. Dei bruker lite energi og har godt innemiljø. ? Satsing på energieffektive passivhus er eit viktig miljøtiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Satsing på energieffektive passivhus er eit viktig miljøtiltak. I 2015 blir energikrava til bygg skjerpa til passivhusnivå. Då er det avgjerande at me har god kunnskap om korleis slike bygg verkar i praksis. Her er me godt i gang med å skaffe oss erfaringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Rapporten frå Sintef Byggforsk konkluderer med at passivhus er eit solid bygningskonsept. Det gjev bustader med lågt energibehov og godt innemiljø.

Rapporten seier òg at meirkostnaden for å byggje passivhus er lågare enn kva tidligare utrekningar syner.

Førebels er det bygd få passivhus i Noreg. Rapporten peikar på behovet for å følgje fleire prosjekt over lengre tid for å kunne samanlikne resultat.

Les meir i rapporten.

Rapporten "Systematisering av erfaringer med passivhus - oppfølging" er laga av Sintef Byggforsk på oppdrag frå Husbanken. Den er ei oppfølging av ein rapport frå 2012; ”Systematisering av erfaringer med passivhus” (lenke).