Eit godt program må inkludera framtidsretta praktisk politikk bygd på kunnskap og Sp sine verdiar. Og det må vera forståeligt både for oss som skal driva politisk arbeid og dei som skal stemma på oss. I tillegg må det vera truverdigt; i bygd og by, i fjøset og i cockpiten, på universitetet og rundt kjøkkenbordet.
Språk er identitet og språk er makt. Tilstrekkelig språkforståing er ein viktig forutsetnad for å byggja samfunnet nedanfrå og for ei god samfunnsutvikling lokalt, nasjonalt og globalt.
Barnehagen må som programmet beskriv ha tilstrekkelig kompetanse til å for eksempel kartleggja og bidra til optimal språkutvikling hos kvart enkelt barn og detta må fylgjast opp for alle elevar både i grunnskulen og i vidaregåande skule --- for dei som har fått norsk inn med morsmelka og for dei som ikkje har det. Eg støttar derfor forslaget frå Oslo om å gi gratis kjenernetid til alle 3 åringer i områder med stor minoritetsandel i befolkninga
Fokus på nynorsk er og eit viktig bidrar til god språkutvikling, ikkje mest på grunn av nynorske versus bokmålsord, men fordi svært mange norske dialektar har ei uttrykksform som liknar mest på den nynorske setningsbygnaden.
I kap 3 i programmet blir det tatt til orde for å bevara mangfaldet i det norske språket og for å skapa eit meir inkluderande arbeids- og samfunnsliv der alle beherskar språket som blir brukt samt motvirka utfasing av norsk på ulike samfunns- og fagområde. Eg er enige i det og
Men ikkje at ein i kap 5 fokuserer på at undervisning og lærebøker på universitet og høgskular bør vera på bokmål eller nynorsk. Det er ikkje å framsnakka verken språk eller høgare utdanning. Det viktigaste på dette nivået må vera innhaldet i undervisninga/ pensum, uansett språk. Når studentane kjem til høgare utdanning, må me forventa at dei kan både det norske og andre språk slik at dei kan få forsyne seg av den beste og mest relevante kunnskapen som finnes. Høgare utdanning som gir nødvendig faglig trygghet og kompetanse er bra både for den enkelte student og for norske fagmiljø.
Sjøl om dei flest kanskje vil arbeida i Norge, må høgare udanning leggja til rette for at studentar og skal kunna arbeida/studera vidare internasjonalt.
Mitt forslag er derfor at dei 3 linjene i programmet bli strokne,
Se innlegget her:
http://new.livestream.com/webcastno/senterpartiet/videos/15682281