Meny

Grøn framtid ? berre prat?

Sist endret: 16 03 2017
Vi vil at Oppland skal bygge på våre naturgjevne fortrinn for å få ei nasjonal stemme i næringspolitikken

Oppland Senterparti har, saman med Ap, Sv og Krf ambisjonar om at Oppland skal spele ei hovudrolle i det grøne skiftet. Vi har store naturressursar og har alle moglegheiter for verdiskaping innan bioøkonomi knytta til hage-, jord- og skogbruk. Vi vil at Oppland skal bygge på våre naturgjevne fortrinn for å få ei nasjonal stemme i næringspolitikken.

Norge har surfa på den svarte oljebølga lenge.  Vi har utvikla eit velferdssamfunn dei fleste andre land kan misunne oss på grunn av ei meir og meir sterk økonomisk utvikling. Fyrst med vasskraftutbygging som la grunnlag for norsk industri, eit landbruk i vekst og utvikling og etter kvart eit reiseliv med fjord og fjell. I, over eller under dette har vi bank, finans og eigedom som ei næring med store beløp i omløp.

No er tida inne for å få ei ny retning frå den svarte til den grøne oljen. Endringar treng tid og endringar treng vilje og langsiktig kapital. Vi må gni oljen ut av auga og investere i ny teknologi og bruk av andre energikjelder og råstoff enn olje.

Grunnlaget for bioøkonomi er eit lønnsamt jord- og skogbruk. Dei er råstoffleverandørane til bioenergi og nye produkt med basis i biomasse. Så enkelt og så vanskeleg er det.  I dag går veldig mykje av råstoffet vårt ut av landet og Sverige nyttar mykje av det norske råstoffet! Treforedlingsindustrien vår er nesten borte medan råstoff blir frakta ut av landet. Vi må alliere oss med dei svenske miljøa som har utvikla ny teknologi og kunnskap om utnytting av biomasse! Vi har kapital og dei har kompetansen. Vi må også utnytte den petrokjemiske kompetansen inn i det grøne skiftet.

Den grøne framtida vil også kreve andre måtar å tenkje kommuneplanlegging og infrastruktur på. På same måten som at vi må over frå det svarte til det grøne karbonet, må vi også endre vår ukritiske frakt av varer, mennesker og flyt av kapital. Det er ikkje bærekraftig å frakte råstoff jorda rundt både ein og to gonger før forbrukaren kjøper det ferdige produktet billegast mogleg. Vi skapar ikkje nok arbeidsplassar i Oppland og Norge utifrå den råstofftilgangen vi har. Vi må tenkje meir frå « jord til bord» enn «3 for 2».

Allereie i fleire år har kinesarane kjøpt opp land rundt i verda og det er fordi dei ser at i framtida kan det bli knapt med råstoff. Trygve Hegnar sa, lite framtidsretta, på Dagsnytt18 onsdag 21. oktober at han «gidder ikke kjøpe landbruksjord». Landbruksjord og kontroll over råstoff og produksjon av det vi treng for å leve vil bli meir og meir viktig i framtida.

Vi treng politisk mot og vilje, ein investeringsvillig stat og politisk styring med eit langsiktig mål om eit grønt skifte og Oppland har alle føresetnader for å kunne stå i førarsetet for dette! Ei grøn framtid er avhengig av at fornybare ressursar erstattar ikkje fornybare. For å lykkast må alle miljø jobbe for dette, alt frå utdannings- og forskingsmiljø, verkemiddelapparatet til ei framtidstru i næringane, og vi politikarane kan ikkje berre prate om det.

Aud Hove, Oppland Senterparti

Komiteleiar Næring, miljø og klima