Meny
Bli medlem

Gulrøter og kommunereform

Sist endret: 27.09.2020
Kjære kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Hjarteleg takk for brev med invitasjon til kommunereform. Det er hyggjeleg å høyre at vi småkommunar også er verd å få nokre gulrøtter om vi slær oss saman, skriv Leiv Rygg, ordførar i Bygland.

 

Åpent svar på invitasjon til å delta i reformprosessen.

Av Leiv Rygg, ordførar i Bygland

Kjære kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Hjarteleg takk for brev med invitasjon til kommunereform. Det er hyggjeleg å høyre at vi småkommunar også er verd å få nokre gulrøtter om vi slær oss saman. Og tusen takk for dei 100.000,- til å greie ut dette. Dei pengane kjem godt med, kan du tru, det er reint så vi må ha ekstra budsjettmøte for å finne ut kva vi skal bruke dei til.

No arbeidde Schei-komiteen i 16 år med førre kommunereforma, og Christiansen-utvalet arbeidde i tre år før stortinget avgjorde at det ikkje blei nokon reform i den runden. Så det er veldig godt å sjå den tiltrua du har til oss i kommunane, at vi skal greie heile prosessen med vedtak og alt på i underkant to år.

Tilskotet kan det godt hende vi misser av den grunn, men med all respekt, statsråd - eg kunne ikkje brydd meg mindre.

Men det er klart, sidan vi ikkje veit kva nye oppgåver vi fær, og sidan vi har så god hjelp frå Vabo-utvalet med alle sine ekspertar - som har så god ekspertise at dei ikkje ser ut til å ha brydd seg særleg med synspunkta i si eiga referansegruppe (der de har plassert dei røynde kommunepolitikarane) - og når regjeringa endåtil tek seg bryet med å be Fylkesmannen om å hjelpe kommunane (særleg kommunar som ikkje viser nausynt leiarskap) - så vil nok dette gå rett bra.

Fleirtal på Stortinget er det til og med.

Men kunne du vere så grei å svare på eit par-tre spørsmål, det ville ha vore til svært stor hjelp i arbeidet å ha fått greie på dette:

Kvifor hastar det slik med dette at vi skal starte å utgreie før vi veit kva nye oppgåver vi fær? For å ta eit eksempel, det er ein viss forskjell på kva som er kravd av kommunane om dei skal drive vidaregåande skular eller ikkje.

Kva for oppgåver er det små kommunar ikkje greier med i dag? Og ver venleg og vis til undersøkingar, rapportar e.l. som gjev grunnlag for påstanden. Denne regjeringa skal vere kunnskapsbasert om eg minnest rett.

Elles så ser eg at vi ikkje fær dei 100.000,- til utgreiing om vi ikkje gjer vedtak våren 2016. No skal vi utgreie hjå oss, og vi skal nok høyre med innbyggjarane våre og. Vi skal gjere ein god og grundig jobb i vårt eige tempo. Tilskotet kan det godt hende vi misser av den grunn, men med all respekt, statsråd - eg kunne ikkje brydd meg mindre.