Meny
Bli medlem

Håpa sentrumsvenene våre fekk til sterkare bistandssatsing.

Sist endret: 27.09.2020
Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Sp, skulle ynskje at både støtta til naudhjelp og bistand generelt var større i samarbeidspartias forlik om statsbudsjettet.


 
I dagens budsjettforlik presenterte samarbeidspartane eit forlik omkring bistandsbudsjettet som gir meir til bistand, men inga auke til statsbudsjettet sin post til naudhjelp. Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet, skulle ynskje at både støtta til naudhjelp og bistand generelt var større.


- Det siste året har ein sett ei rekkje humanitære kriser utspele seg samstundes. Irak, Syria, Vest-Afrika, Gaza og Ukraina er alle døme på område der den sivile delen av folket lir under sjukdom, naud og valdshandlingar. Alle disse krisene har skapt eit historisk behov for bistand og akutt hjelp til fleire menneske som ikkje har nok mat, medisinar eller helsehjelp.


- Spesielt Krf har kjempa hardt for å auke Noregs støtte til dei fattigaste landa og områda der behovet for hjelp er størst. Eg er heilt sikker på at Krf ville ha fått  gjennom mykje meir i samarbeid med Senterpartiet.


- Samanlikna med Regjeringas eige budsjettforslag har me i Senterpartiets alternative budsjett auka midlane til bistand og naudhjelp med nær tre gongar meir enn veksten Krf og Venstre fekk i gjennom i sine forhandlingar med regjeringa. Det er ingen tvil om at spesielt Krf ville få eit langt større gjennomslag for mange av deira viktigaste saker, som miljø, bistand og sosial fordeling, om dei samarbeidde med oss og Arbeiderpartiet framfor dagens blå-blå regjering.