Trass i innstillingar frå både rådmann og lanbrukssjef, klara høgresida å gje grunneigaren på Angre sjansen til ytterlegare å utsette sin ankomst på garden. Dette ville han gjere ved å føre eigarskapet av den fullt ut driveverdige garden over på sin 12 år gamle son. Slik kunne han, i kraft av sin unge alder, overta stafettpinnen i racet mot målet om å ikkje busette seg på Angre.
Etter to rundar i planutvalet og intens lobbyverksamd av Seljord Sp, ved Marianne Vadder, blei saka anka vidare til fylket med knappast mogleg fleirtal i blå retning. Eit fleirtal som av fylkesmannen blei sett på som overraskande, og aldeles ikkje i tråd med intensjonane i lovverket.
Om det var kompetanse, eller rett og slett bare litt sunt bondevit fylkesmannen savna hjå planutvalsmedlemmene, sa han ingenting om, det kan me bare spekulere i. Det som derimot er sikkert, er at fleirtalet ikkje har alltid har rett, i alle fall ikkje det blå.
Jarle G. Kittelsaa, Seljord Senterparti.