Meny
Bli medlem

Har Høydalsmo ei framtid?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Bygda har minst to fordelar og to utfordringar. Den ligg som det geografiske midtpunktet i Vest-Telemark og med nærheit til hovudvegen mellom aust og vest, E134. Utfordringane er å utnytte dette betre med næringsutvikling og bustadbygging.

 

Det er snart 3 år sidan eg var i kontakt med grunneigaren til nytt næringsareal og vi starta ein dialog for å få kommunen til å kjøpe arealet. Etterkvart lykkast dette, og kommunen vart eigar av eit verdifullt næringsareal i sentrum. Området har stort potensiale, men kvar er framdrifta når det gjeld utvikling? Tokke SP er utolmodige i dette arbeidet. Til kommunen sitt handlingsprogramm for 2013 fekk SP eit samrøystes kommunestyret med på fylgjande punkt: "Det må organiserast eit arbeid med sal og marknadsføring av nytt næringsareal i Høydalsmo."

Kommunen må komme i gang med dette arbeidet, det sel seg ikkje sjølv. Samstundes må ein også starte arbeidet med å opparbeide byggeklare næringstomter slik at desse er mest mogleg klare viss interessentar melder seg .

 

Høydalsmo har også større potensiale for auka busetnad. Med ei køyretid på 30 minutt vil du nå fleire kommunesenter, og du har kort veg til ein større arbeidsmarknad. Det er positivt at det nå i privat regi er i gang eit prosjekt med bygging av inntil 8 husvære. Husværa er aktuelle både for eldre som ynskjer ei lettstellt buform, eller yngre som vil leige før dei etablerar seg.  Tokke SP  har tru på prosjektet, men det kan ta tid å få det realisert, og det vil trenge litt drahjelp i starten. I siste kommunestyremøte fremma eg forslag om at kommunen skulle vurdere å kjøpe to husvære. Forslaget fekk desverre ikkje fleirtal, og det enda med kjøp av eitt. Dette kan være avgjerande for om prosjektet vert realisert eller ikkje.

Samstundes må ein også opparbeide nye, attraktive bustadtomter. Vi må alltid ha ledige tomter å tilby for dei som ynskjer å bygge sin eigen bustad.

Høydalsmo har i dag om lag 90 arbeidsplassar. Det gjer at kommunen må tenke langsiktig for å legge til rette for etablering av bustadar av ulik form.

 

Nærings- og bustadpolitikk utfyller kvarandre, og lykkast ein på dei to områda får vi ei positiv utvikling, og Høydalsmo har ei god framtid i vente.