Meny
Bli medlem

HEILE TELEMARK MÅ MED!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
- Senterpartiet vil ha eit Telemarksutval, skriv partileiar Liv Signe Navarsete og fyrstekandidat Beate Marie Dahl Eide i dette innlegget.

I starten av august lanserte Trond Giske med fleire ideen om å nedsetje eit Grenlandsutval, etter modell frå Sørlandsutvalet. Det er ein idè vi støttar, men for Senterpartiet er det ikkje aktuelt med eit slikt utval utan at heile Telemark er med. Det var aldri snakk om at delar av Sørlandet ikkje skulle vere med i Sørlandsutvalet; tvert imot er det indre delar av Agder som har dei største utfordringane. Utfordringane varierar òg i Telemark. Så når regjeringa no ser hit må ein sjå heile Telemark!

Tankane bak Sørlandsutvalet var å bredt setje saman ulike personar som skulle skildre og vurdere næringsrelevante forhold på Sørlandet, kartlegge behov og rammevilkår for næringslivet på sentrale vekstområde i landsdelen og foreslå tiltak som kan styrke næringsutviklinga i regionen. Dette er ei øving ein med stor fordel kan gjere i Telemark òg. Som eit av fylka med høgast arbeidsløyse er det naudsynt å tenkje nytt når det gjeld vekst i arbeidsplassar og næringsliv.

Mykje bra er allereie i gang; «Subsea Valley» er på veg vestover frå Kongsberg til Notodden. Telemark Offshore er viktig i så måte. Telemark Teknologipark utvidar og set snart spaden i jorda i Vest-Telemark. Utbygging av betre kommunikasjoner er endeleg i gong med Århus-Gvammen på E134 og Eidangerparsellen som flaggskip. Høgskulen i Telemark har sett kursen mot eit Universitet saman med Agder-fylka. Eit Telemarksutvalg vil kunne forsterke den positive trenden!

Senterpartiet vil løfte Grenland - heile Telemark må med!