Meny

Helsebyråd Onarheim er ikkje villeg til å slåss for helsetilbodet i Åsane

Åsane: Etter at en spesialistheimel i gynekologi ikkje vart vidareført, har bydelen no kun ein legespesialist. Ove Sverre Bjørdal (Sp) undrar seg over kvifor ikkje byrådet, og spesielt helsebyråd Hilde Onarheim, ikkje har engasjert seg sterkare for å behalde stillinga i bydelen.

 

Bjørdal er kjend med at byrådsleder Monica Mæland, saman med ordførar i Meland kommune, Nils Marton Aadland, i august sende eit brev til Helse Vest. I brevet oppmoda dei til å oppretthalde og helst styrke omfanget av privatpraktiserane spesialisttjenester i området Nordhordland og Åsane.  

Ove Sverre Bjørdal  stilte i komite for helse og sosial sitt møte 7. november flg. skriftlege spørsmål til Onarheim :Kva har byråden gjort i ettertid for å følgje opp saka? Kva vil byrådet gjere vidare for å sikre innbyggjarene i bydelen eit tilsvarande tilbod for framtida?»

Onarheim svara m.a at  at Helse Vest ikkje er pliktige til å ta kommunane med på råd. Ho svara og at Bergen kommune i  brev til Helse Vest allereie i 2008 uttrykte bekymring for den geografiske skjevfordelinga av spesialistheimlar. Det kom aldri svar på dette. Bjørdal seier til Åsane Tidende: -Det tok altså fem år før dei etter etterlyste svar. Det viser tydeleg at dette er ei sak byrådet ikkje har brydd seg så mykje om.

Han peikar og på skeivfordelinga av spesialistheimlar mellom bydelane. Fana og Ytrebygda har heile 25 spesialistar, medan Fyllingsdalen har to, og Laksevåg og no alså Åsane, berre ein.

- Ein har ei kjensle av at nokre bydalar er viktigare enn andre. Helse Vest burde hatt ei sterkare styring med kvar spesialistane får etablare seg, men også Bergen kommune kunne engasjert seg i dette.