Meny
Bli medlem

Henry Mæland klar for Seljord!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nominasjonskomiteen i Seljord Senterparti foreslår Dyrskugeneral Henry Mæland som ordførarkandidat til lokalvalet i 2015.


Komiteen vert leia av Marianne Vadder (Flatdal), med Beate Marie Dahl Eide (Seljord) og John Olav Haugetuft (Åmotsdal) som medlemmar. Noverande gruppeleiar for Seljord Senterparti, Jorunn Hegni, har takke nei til attval.

- Tida er no komen for at Senterpartiet igjen skal ha ordføraren i Seljord. Det har vi fått klar beskjed om frå både årsmøtet i Seljord Senterparti og frå styret, seier leiar Marianne Vadder. - Jobben vår til no har handla om å finne den personen vi meinar er best egna til å fremje Senterpartiet sine saker og som kan vere ein samlande og utviklande ordførar for heile Seljord kommune. Vi er overbevist om at Henry er rett mann på rett stad, seier Vadder. - Komiteen er svært glad for at Henry har takka ja til denne utfordringa, og ser fram til nominasjonsmøtet på torsdag.

Om alt går etter planen vert Mæland valgt til Seljord Senterparti sin ordførarkandidat på nominasjonsmøtet torsdag 13. Mars på Uppigard Natadal. Nominasjonskomiteen vil deretter starte jobben med å setje saman resten av lista.  Leiar Marianne Vadder er trygg på at eit namn som Henry Mæland i toppen av Sp-lista vil gjere det svært interessant for fleire å engasjere seg i Seljordspolitikken gjennom Senterpartiet si kommunevalliste.

Nominasjonskomiteen er overtydd om at vi har funne rett mann til toppen av Sp-lista, og vi gledar oss til den vidare jobben med å sette saman resten av "Team Henry", seier Vadder oppglødd.

Henry Mæland seier i ein kommentar at han er glad for tilliten frå nominasjonskomiteen, og at han meir enn gjerne stiller seg til disposisjon for Senterpartiet. - Eg er klar for nye utfordringar, og er motivert til å ta fatt på ein jobb i Seljordspolitikken! Seljord - og Telemark - treng meir Senterparti-politikk. Vi må ha ein politikk som legg til rette for arbeidsplassar og for å få fleire til å bu her.