Meny
Bli medlem

Hit eit steg og dit eit steg....

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I desse dagar er det mange som går rundt med sommarfuglar i magen, barn som vaksne. Kanskje både gledar og gruar dei seg til den fyrste skuledagen, enten dei er 6-åringar, elevar som skal over til ein ny skule, begynne på vidaregåande eller er lærarar som skal ut og praktisere det dei har lært.




Eg håpar skulekvardagen blir like god som det dei håpar og drøymer om.  Dessverre er det ikkje alltid slik. Vi menneske er ulike, men alle skal føle seg verdifulle, synlege og respekterte. Alle har rett på læring og rom for utvikling på deira eigne forutsetningar. Kvart menneske har sin rikdom og er verdifulle. Nokre opplever å bli mobba, og føler at kvar einaste skuledag kan vere vond. I Tokke skal det ikkje vere rom for mobbing! Dei som oppdagar mobbing må gripe raskt inn for å unngå at noko som ser lite ut, får sjansen til å vekse seg stort.

Tokke Senterparti vil arbeide for  at våre skular opprettheld god kvalitet, trivsel og eit inkluderande læringsmiljø, og det er ingen tvil om at vi vil ha nulltoleranse når det gjeld mobbing.
Skulen skal vere ein sentral arena for danning og ha ein funksjon som kulturbærar, m.a med å gjere elevane stolte av det vi har hatt og har i Tokke kommune. Vi ønsker óg ein skule som verdset og likestiller teoretiske og praktiske fag.  Vi vil ha fokus på samarbeid mellom næringslivet og skule.

Eg ynskjer alle elevar - store som små - lykke til på måndag. Måtte alle sitte igjen med gode minner frå si tid på skulen!

Tone Dale Solvang
2.kandidat Tokke Senterparti