Årsmøtet i Vinje SP tok opp saka og har gjeve ei klar melding om at høgfartsbane mellom austlandet og vestlandet ikkje bare vil gje eit berekraftig og framtidsretta samband mellom storbyane, men også gje distrikta høve til å vera med på denne utviklinga. Banen vil gje eit historisk lyft for utviklinga av områda der høgfartsbanen blir bygd.
Intercitysambandet er sentraliserande og vil føre til meir uheldig press på områda i det sentrale austland. Dersom utviklinga elles ikkje fylgjer med, vil det føre til fråflyting og negativ utvikling av distrikta.
Departementet hevdar at Aust-vestbanen ikkje er samfunnsmessig lønsam. Det er ikkje semje om dette i ulike fagmiljø. Uansett, denne banesatsinga er av ein slik dimensjon at me må sjå ut over slike rammer. Det handlar om at me i distriktet vil ta del i den utviklinga som me er ein del av.