Meny
Bli medlem

Høgre og Arve Mjømen på ville vegar

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Det er ikkje måte på kor såra og vonbrotne Sogn og Fjordane Høgre vert kvar gong nokon finn grunn til å kritisere politikken deira.


 No sist var det KRF og Trude Brosvik som fikk unngjelde av Høgre-Mjømen fordi ho er uroa for landbruket si framtid. Senterpartiet fikk også passet sitt påskrive, det har visst aldri stått så dårleg til med landbruket i Sogn og Fjordane som no hevdar Mjømen.

Nye idear og betre løysingar var Høgre sitt slagord i valkampen. For landbruket i Sogn og Fjordane er det ikkje akkurat gladsakene og dei gode løysingane som har stått i kø sidan den nye regjeringa kom til makta. Regjeringa Solberg med landbruksminister Sylvi Listhaug i spissen har gått til frontalangrep på sjølve fundamentet for norsk landbruk og næringsmiddelindustri: Tollvernet, landbrukssamvirket, og utjamninga som vi har over statsbudsjettet for å vege opp for driftsmessige ulemper.

Senterpartiet har ikkje noko problem med å stå inne for det vi fikk til gjennom åtte år i regjering. Vi ser at det er mykje optimisme i landbruket. Sidan 2005 er det investert i kring 70 melkerobotar her i fylket. Dei fleste av dei står plassert i nye bygg til mange millionar kroner. Nær 30 millionar av 100 millionar liter mjølk  som Tine Byrkjelo foredlar kvart år kjem no frå ein ny fjøs. Det fortel også noko om kor viktig landbruket er for dei kring 1000 arbeidsplassane i næringsmiddelindustrien i fylket, alle sjåførane som transporterer varer inn og ut frå gardane, elektrikarar, byggebransjen osv. Framtida til landbruket handlar ikkje berre om bonden. Det handlar om tusenvis av arbeidsplassar i eit fylke der jobbane ikkje akkurat kjem dalande ned frå himmelen av seg sjølv.

Den store skilnaden på¨Senterpartiet og Høgre i landbrukspolitikken er at medan Sp vil utvikle landbruket innanfor det systemet vi har i dag, vil Høgre rive ned utan at nokon veit kva som kjem i staden. Vi seier ikkje at alt er perfekt i landbruket, men det er forskjell på å drive vedlikehald og det å slå vekk grunnmuren slik som regjeringa no legg opp til. Sogn og Fjordane Høgre har gjort det til ei glansøving å pakke inn politikken med dårleg retorikk og tomme flosklar.  Bjørn Lødemel har vi knapt høyrd eit ord frå sidan han i valkampen køyrde rundt i bjørnebilen med slagordet «to bjørnar på tinget» i gullskrift på bildøra. Var det berre stortingsplassen som var målet med valkampen Bjørn?

Sigurd Reksnes
1.nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti