Meny
Bli medlem

Høgres OPS er ran av skattebetalarane

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Dersom Høgre kjem til makta vil dei auka investeringane til veg ved å innføra OPS for alle større prosjekt i staden for ordinær statsfinansiering. Dette er dramatisk dyrare, det sikrar sugerøyr i statskassa til Høgres bidragsytarar og det flyttar nedbetalinga inn i ei framtid Høgre ikkje treng ta ansvar for i 2013. Steinulf Tungesvik, tidlegare statssekretær i Samferdsledepartementet (Sp)

Tidlegare instituttleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI) og no forskar same stad, Lasse Fridstøm, opptrer som nyttig idiot for Høgre i avisene for tida. Seinast i DN 18. juni. Sjekk hoyre.no for å finna korleis partiets håpefulle kandidatar kappast om å trykkja Fridstrøm til sitt bryst.

 

Jukseargument

Fridstrøm hevda i DN at OPS ikkje er veg på avbetaling, at staten forsikrar seg mot kostnadsoverskridingar og at OPS ser ut til å innebera halvert byggjetid. Fridstrøm juksar, for alt dette er feil. Det beste som kan seiast om Fridstrøms openbert politiske agitasjon er at han ikkje vågar påstå at det er billegare, slik Høgre sjølv vågar.

 

Fridstrøm hadde oppdrag frå Samferdsledepartementet medan eg var statssekretær der med å laga evalueringsmodell for og evaluera tre OPS-prosjekt sette i gang på 2000-talet. Det kan synast som at han ikkje har klart «kill your darlings» når fakta gjekk mot hans første fornemmelse i saka.

 

Høgres vil ha avbetaling

OPS slik Høgre lovar å gjera det og slik dei gjorde det 2001-2005 inneber privat finansering, bygging og drift, med offentleg nedbetaling av renter og avdrag i 25 år. Fridstrøms fantasi om at staten heller betalar med ein gong er utan interesse i debatten, for Høgres nødvendige grep for å kunna skryta av meir veg er nettopp å overlata rekninga til framtida.

 

OPS er dermed avbetaling i Høgres modell. Sundt AS har finansiert OPS-prosjekta til no, og tent svært godt på det. Dette er rådyrt i forhold til statsfinansiering. Også Fridstrøm innser dette, og skriv i TØI-rapport nr 506/2001: «Dersom private skal overta risikoen (kostnadsansvaret), vil det offentlige som nevnt måtte betale en risikopremie.» Den norske statskassa er full av pengar. Det er ingen behov for at private skal «hjelpa» staten mot skyhøg betaling. Når Sundt AS samstundes gir millionar årleg til Høgre si partikasse, er det vanskeleg å finna argument for at dette ikkje er korrupsjon. Høgre-Hallerakers avslørte nepotisme i bompengebransjen følgjer same tankegang, men blir småtteri i forhold til OPS-planen.

 

Staten tek risikoen

Argumentet om at staten er sikra mot kostnadsoverskridingar er feil. Dersom vegkontraktar på fastpris, som er vanleg ved OPS, viser seg å ha store kostnadsrisiki, vil marknadsaktørane ta høgd for det ved prisdanninga. Staten og dermed skattebetalarane vil over tid dermed alltid betala ekstra for denne risikoen også. Fridstrøms triumf over at OPS-selskapet tapte pengar på E18-utbygginga på Sørlandet (Klassekampen 18.6.13) er pinleg og viser at han ikkje har forstått prismekanismane.

 

Raskare veg utan OPS

Fridstrøm seier at OPS gir kortare byggjetid. Poenget han deler med Høgre er at høg byggjelånsrente piskar OPS-selskapet til dobbel framdrift. Resonnementet føreset rådyr finansiering, som skattebetalarane må dekkja. Samstundes viser det manglande forståing for kontraktsmodellar som sikrar akkurat den framdrift staten måtte ønska. Totalentreprise i staden for byggherrestyrt framdriftsplan og kontrakt er langt billegare og har nøyaktig ame insentiv: Raskare tilgang på vederlaget.

 

OPS er avlegs thatcherisme for statar med dårleg infrastruktur og finansiell naud. Sjølv Trygve Hegnar sa i leiaren i Finansavisen 18.8.04 om OPS at: «renten kan faktisk være både ett og to prosentpoeng høyere for private investorer som må finansiere seg i markedet, og følgelig må finansieringskostnadene bli veldig mye større».

 

Løysinga er statlege midlar til fullfinansiering ved prosjektoppstart. Ofte vil det vera gunstig å overlata til den private entreprenøren å styra framdrifta i ein totalentreprise eller samspelskontrakt. Dette er det moderne, raske og kostnadseffektive alternativet. Og det har Marit Arnstad (Sp) nettopp fått vedteke i Nasjonal Transportplan.