Meny
Bli medlem

Høgskule for framtida

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Regjeringa ved kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) skal gå gjennom strukturen i høgare utdanning. "Det er ein sannsynleg konklusjon at vi bør redusere talet på institusjonar" seier han. Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om strukturen i høgare utdanning.

Utviklingsmotor og motekspertise                                                                                               

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at sterke høgskular i distrikta er viktige fordi dei utdannar arbeidskraft som trengst utover i landet. Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) forsyner fylket med arbeidskraft, særleg i dei store velferdsyrka. HISF representerer og ei motekspertise; den har eit forskings og kompetansemiljø med eit anna blikk enn dei store forskingsmiljøa i byane. HISF er ein stor arbeidsplass og ein utviklingsmotor i den regionale utviklinga, den gjev store ringverknader for fylket og dreg store ungdomsgrupper til Sogndal og Førde.

Rekruttering                                                                                                                                                   
Senter for profesjonsstudiar ved Høgskulen i Oslo og Akershus gjorde ei undersøking i 2012 om kvar det vert av studentane som går ut frå høgskulane på Vestlandet. Dei undersøkte alle som fullførte ei velferdsutdanning (sjukepleiarar, allmennlærar, barnehagelærar og sosialarbeidarar) frå 1995-2010. Resultata frå undersøkinga talar for seg; 77,5% av studentane som har fullført ei velferdsutdanning ved HISF har Sogn og Fjordane som arbeidsfylke. 10% arbeider i Hordaland. Berre 21% av dei som kjem frå Sogn og Fjordane og tok velferdsutdanning utanfor Vestlandet, vert rekrutterte attende til arbeid i Sogn og Fjordane. Altså: lokaliseringa av høgskulane har stor innverknad på rekrutteringa til den regionale arbeidsmarknaden. Dei regionale høgskulane fungerer som den dominerande tilbydaren av arbeidskraft for regionane, og har slik ei viktig rolle for å sikre nødvendig arbeidskraft.

Nærleik er viktig
Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at noko av det verste ein kan gjere mot utviklinga i Sogn og Fjordane er å strupe HISF og tru at det ikkje er så nøye kvar ungdom tek utdanninga si. Det vil føre til store rekrutteringsproblem. Vi vil oppleve at skulane i Sogn og Fjordane må ta inn meir ufaglært arbeidskraft om til dømes lærarutdanninga skulle forsvinne frå fylket. Noko av det beste ein kan gjere for å sikre tilflytting og hindre fråflytting er å gje høgskulane gode vilkår. Ein ikkje uvanleg kombinasjon er eit par der den eine har jobb i offentleg sektor, den andre i privat. Vi kan ikkje vente at begge går laus på å skape eigne arbeidsplassar sjølv om det finst spreke døme på det og. Vi veit at det gode samarbeidet mellom fylkeskommunen, fylkesmannen og høgskulen om etterutdanning av lærarar og skuleleiarar er ein viktig grunn til at Sogn og Fjordane har best skuleresultat i landet. Nærleik til høgskulen er viktig for dei som skal ta etter og vidareutdanning.

Forsking
Ein grunntanke bak distriktshøgskulane i 1960 og 70 åra var at ein ikkje berre skulle drive med profesjonsutdanning, men også drive forsking i universitetstradisjonen. Det var ein tanke som distriktspolitikarar måtte kjempe gjennom då, og han er like aktuell no som før.  Ideane om sterkare "arbeidsdeling mellom høgskulane og universiteta" der høgskulane berre skal drive med profesjonsutdanning er eit steg tilbake. Det vil gjere det umogeleg å tilby masterprogram ved HISF. Regionale forskingsmiljø som er uavhengige av dei sentrale forskingsinstitusjonane og det sentrale byråkratiet kan presentere andre måtar å sjå det på, verda ser ulik ut frå Blindern og frå høgskulebygget i Sogndal, også for forskarar. 

Ei stemme meir
Senterpartiet i Sogn og Fjordane er derfor imot at staten skal tvinge gjennom samanslåingar og sentralisering innanfor høgare utdanning. Det var og grunnen til at Stjernø-utvalet sitt  høgare utdannings-kart ikkje vart tvinga gjennom av den raudgrøne regjeringa i 2008. Vi vil ikkje berre ha ein høgskule i Sogn og Fjordane fordi det er ein god plass å studere, at den tilbyr utdanningar av høg kvalitet, tilbyr nyttig arbeidskraft til fylket og har mange viktige arbeidsplassar; Vi vil og ha ein høgskule i Sogn og Fjordane fordi den representerer eit anna blikk på verda, ei stemme meir i den store samtala både om forsking og samfunnsutvikling,

 

Sigurd Reksnes. 1. nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.