Meny

Hordaland Sp: Ingen Vestlansregion utan nye oppgåver!

Hordaland Senterparti vedtok på fylkesråd 25. november føg uttale:

Hordaland Senterparti sitt

fylkesprogram for perioden 2015-2019 seier følgjande:

«Me ønskjer at debatten om kommunestrukturen skal skje i følgjande rekkefølgje:

Oppgåvefordeling. Me vil ha ein nasjonal debatt og avklaring om oppgåvefordeling mellom ulike forvaltningsnivå (stat, fylke/region, kommune).

Regionreform. SP ønskjer å samla Vestlandsfylka til ein sterk Vestlandsregion, med Bergen som eit sterkt sentrum.

I arbeidet vårt i fylkestinget vil me difor vera aktive i at Hordaland fylkeskommune prioriterer prosessar som styrkjer dei to første punkta over.»

Fylkesrådet i Hordaland Senterparti meiner den framlagde intensjonsplanen om samanslåing av tre vestlandsfylke ikkje stettar dette programmet. Oppgåvefordeling frå stat til fylkesnivå må føreliggja før fylkestinget kan ta endeleg stilling til samanslåing. Det er naudsynt for at Hordaland Senterparti kan seia ja til samanslåing at konkrete og tunge oppgåver som sjukehus, vegadministrasjon, forskingsmidlar, høgskular og næringsutvikling vert førde over til fylkesnivået.

Dette må på plass før endeleg habdsaming av intensjonsplanen.

Ein mogleg ny vestlandsregion må sjølvsagt ha nynorsk som administrasjonsspråk. Hordaland må uansett vidareførast som eigen valkrins.

Hordaland Senterparti føreset at saka kjem opp til endeleg vedtak i fylkestinget etter at Stortinget har vedteke oppgåvefordelinga (regjeringa har varsla at dette skal skje i juni 2017), og vil då vurdera saka på nytt.