Meny
Bli medlem

Hovmod står for fall i kommunereformprosessen

Sist endret: 27.09.2020
Når Storbritannia røysta seg ut av EU, uttalte statsministeren: «Folket har gitt sitt råd. Det må politikarana respektere»! Det står i kontrast til det som skjer i gjennomføring av kommunereforma, skriv Arne Sandnes.

 
 
Av Arne Sandnes, ordførar i Norddal kommune i Møre og Romsdal

Dagen etter at Storbritannia røysta seg ut av EU, uttalte vår eigen statsminister til NRK: «Folket har gitt sitt råd. Det må politikarana respektere» ! Det er det mange som har lagt merke til og synest var kloke ord. Utsegna står likevel i  kontrast til det som skjer på heimebane i samband med gjennomføring av  kommunereforma. Erna sin eigen superminister, Jan T. Sanner, prøver kvar dag å bortforklare mageplasket som viser at 7 av 10 kommunar seier nei til samanslåing. Samtidig trugar han dei ulydige med tvang. Dette på tross av at han på  Høgre sitt landsmøte i 2015 uttalte: «Dei veit best dei som har skoa på». Og dette på tross av at stortinget har sagt at samanslåingar skal skje frivillig.
 
Somme fylkesmenn har alt teikna nye kart utan omsyn til kva folket i kommunane har bestemt. Betyr det at Erna ikkje har styring med troppene sine ? At det er fritt fram å «herse» med folket ? Luktar vi her ein arroganse frå eliten – frå det etablerte maktapparatet i Akersgata – noko som i andre land alt har gitt seg dramatiske utslag ? Skal det vise seg i Noreg og at «hovmod står for fall»?
 
Brexit i Storbritannia og Donald Trumf sin parademarsj i USA er ferske døme på protestrørsler som delvis har si rot i at folk flest ikkje blir høyrde. Folk reagerer på sentralisering, på konsentrasjon av politisk og økonomisk makt rundt ein akademisk elite som synest å «vite best på vegne av alle». Slike tendensar synest eg å merke hjå nokre av dei som styrer landet no. Det kjem tydeleg fram i prosessen med kommunereform.
 
I tiltru til stortinget sitt vedtak om friviljugheit, har svært mange kommunar lagt spørsmålet ut til folkerøysting. På tross av veldig klare svar frå grasrota, og ofte samrøystes vedtak i kommunestyra om å stå åleine, er det skapt tvil om staten, dvs. fylkesmennene, vil respektere resultatet. Det stemmer i tilfelle ikkje med utsegner som Solberg og Sanner har kome med tidlegare.
 
Kva som er best for folket i spørsmålet om kommunereform er det kun folket sjølv som kan svare på. Folket bur i kommunar. Det finst ikkje objektive kriterier for kva som er det gode liv. Brutto nasjonalprodukt, lønsevne, avkasting på kapital, effektivitet etc. seier noko men ikkje alt. Korleis måler vi t.d. vennskap, identitet, tilhørigheit, tryggheit, nærheit og miljø i vidaste forstand ? Det er summen av alt dette, og mykje meir, som er det gode liv. Ingen kan diktere meg og deg kva som er best for oss. Her er vi suverene.
 
Når vi då går ut i kommunane og spør korleis folk vil ha det, vert summen av alle svara det næraste vi kjem sanninga. Fleirtalet talar her gjennom det direkte – det ideelle demokratiet. Når denne metoden i unntakstilfelle vert valt, vil det representative/indirekte demokratiet, som vert utøvd i kollegiale organ som t.d. kommunestyre, ha rang etter det direkte demokratiet. Det er difor berre naturleg og rett det statsministeren vår  uttalar i forhold til resultatet av Brexit. Om ho skulle lande på ein annan konklusjon i eige land i kommunereformprosessen, vil det vere oppsiktsvekkande og svært urovekkande.
 
I Norddal var kommunestruktur ei hovudsak i valkampen. Folket har rådd kommunestyret til å fortsette som eigen kommune. Dette rådet har  kommunestyret vore lojale mot og formalisert i eit  samrøystes vedtak. Kommunen har følgd bestillinga frå fylkesmann til punkt og prikke med brei involvering i folkemøte, gjennom utgreiingar og forhandlingar. Vi har stolt fullt og heilt på lovnaden om at vedtaket i kommunestyret ikkje skal overprøvast. Viss det løftet vert brote, betyr det at regjeringa endrar spelereglane etter at «ballen er sett i spel».
 
Det er i tilfelle så dramatisk, at eg som ordførar, vil ha eit ønske om å forlate skuta. Viktigaste grunnen er at eg føler eg har halde folket for narr. Kvifor skulle eg spørje om folket sitt råd viss det ikkje skal ha konsekvensar? Kva blir tilliten til det folkerettslege instituttet om rådgjevande folkerøysting neste gang politikarane i Norddal ber om eit råd?  Kor mange trur du då vil bry seg med å røyste? Vidare vil eg med eit reint fleirtal i eige parti og eit samrøystes kommunestyret i ryggen, måtte jobbe mot mi eiga overtyding, mot folket sin vilje og mot lovnader eg har gitt før valet. Eg vert m.a.o. redusert til eit gissel, ein marionett, eit narr som styrer etter diktat frå statsmakta. Det vert rett og slett feil. Likevel veit eg, at lova ikkje opnar for å trekke seg som ordførar på et slikt grunnlag.
 
Viss staten verkeleg skulle finne på å bruke makta for å slå saman kommunar, vil ein opne for ei tillitskrise mellom folk og politikarar generelt og mellom lokaldemokratiet og statsmakta spesielt.  Den logiske konsekvensen av ei slik tyngdeforskyving, vil vere at endå fleire kommunar vurderer overgang til ei ny styreform, dvs. frå formannsskapsmodell til parlamentarisme. Det vil tydeleggjere ansvaret for politiske vedtak og gi grunnlag for å stille mistillit og kaste eit sittande regime.
 
Like viktig vil det vere at det sittande regimet kan stille kabinettspørsmål og trekke seg viss det misser styringskraft. Paradokset er at ordføraren her og vil bli sittande igjen og kanskje måtte forsvare ein politikk som han/ho er sterkt usamd i. Dette er noko som lovmakarane bør sjå på ved neste endring av Kommunelova. Men inntil det måtte skje, vonar eg at Erna hugsar kva ho har sagt til britane, og ikkje gjer ordføraren i Norddal til eit narr.