Meny
Bli medlem

Hovudinnlegg eldre

Sist endret: 27.09.2020
-av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete på landsmøtet i Senterpartiet, Hotel Alexandra i Loen 6. april 2013.

Eg er mormor til Oda og dotter til Gunvor. Nokre av mine beste stunder er saman med desse to damene som er i kvar sin ende av livet.

 

Oda er nysgjerrig og open, uredd og sprudlande til stades. Mor med livsvisdom og erfaring. Begge gjev meg energi.

 

Det er faktisk slik i dag at tre av fire born som Oda har ei bestemor som framleis er i live. Det er fleire enn nokon gong.

 

Samstundes har me som er bestemødre mindre til felles enn nokon generasjon av bestemødre før oss. Nokon er på lang joggetur om morgonen, medan andre treng hjelp til å kle på seg bluse og bukse.

 

Me skal endre våre haldningar til eldre. Me må sjå på dei som ulike sjølvstendige individ.  Kvar og ein representerer ulike ressursar. 

 

Vi blir fleire eldre. Det er bra. Det viser kvaliteten på velferdssamfunnet vårt. 

 

Den såkalla eldrebølgja er både ei ressursbølgje og ei omsorgsbølgje.

 

 

Vi må slutte å setje likskapsteikn mellom eldrepolitikk og omsorgspolitikk. Fleire og fleire yrkesaktive er over 60 år. 6 av 10 som går av med pensjon, held fram med å jobbe deltid. Det har aldri vore fleire pensjonistar på universiteta. Dei har innteke treningssentra og loffar rundt i verda.

 

Eldre arbeidstakarar som ynskjer det bør få stå lenger i arbeid. Det handlar ikkje berre om betre samfunnsøkonomi, det handlar om livskvalitet for den enkelte.

 

 

Sjølv om ein veksande del av dei eldre er spreke og arbeidsføre, blir det også fleire av dei som merkar at kroppen er svakare, eller blir råka av demens og sjukdom. Fleire vil trenge omsorgstenester, og vi må finne løysingar som er tilpassa kvart enkeltmenneske sitt behov.

 

I ei kommune på Austlandet bur Olga på 96 år, ho vil ikkje inn på aldersheimen. Men snømoking, handleturar og vedbæring er vorte strevsamt.

I same kommune bur det tre uføretrygda karar. Karar som til tidar har hatt ein strevsam livsstil for familien. Desse tre er organisert i team rundt Olga med praktiske gjeremål. Olga får bu heime. Karane har fått oppgåver å løyse - nokon har bruk for dei. Alle fire har fått ein betre kvardag og er glade og tilfredse.

Dei gode eksempla inspirerar meg. 

I dag har eg lagt fram regjeringas nye strategi for innovasjon i kommunesektoren.

Vi må tenkje nytt og smartare.

Vi skal finne nye løysningar på gamle og nye utfordringar.

Vi må sjå enkeltmenneska og vi må tenkje på tvers av sektorar i samfunnet. 

 

Vi må ikkje vere blinde for at framtida vil krevje mykje av oss – når det gjeld teknologi, kunnskap og forsking. Omsorgsløysingane vil endre seg. Me som politikarar må gå føre. Me må tore å involvere dei som skal få omsorg, dei som skal gje den, og dei pårørande.

 

Senterpartiet vil leggje til rette for at eldre skal kunne bu lengre heime. Me er sterkt knytt til heimen vår. Bileta på veggen, gamle minner i skap og skuffer. Den faste plassen i stova framfor TV og radio og med dagsavisa og kaffikoppen på det gamle salongbordet. 

Korleis gjere heimebuartilværet trygt? Trygt for den gamle og trygt for dei pårørande? Og korleis ivareta behovet for sosial omgang og aktivitet? Eg ynskjer kreativitet og ein open diskusjon om ulike løysningar – omsorgsteknologi og menneskeleg omsorg. 

Fleire kommunar jobbar aktivt med dette. I Stjørdal er dei i full gang med Innovasjonsprosjektet "Bo lenger hjemme".

 

Dette er eit samarbeid mellom kommunen, Visma og Telenor. Saman jobbar dei med idear og testing av tekniske løysningar. Integrerte tekniske system for dokumentasjon og historikk. Blant anna GPS med varsling viss nokon ruslar ut av huset om natta. Teknisk pilleøskje der heimetenesta får beskjed om hjartemedisinen blei teken kl to som planlagt, utan at heimesjukepleiaren må reise ut for å sjekke. 

 

Å bu heime lenger handlar og om å kome seg etter sjukdom. I Nome kommune har dei etablert eit kvardagsrehabiliteringsteam. Der går ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og helsearbeidar inn og hjelper dei som etter sjukdom er på kortidsopphald på sjukeheimen. Dei skal få å flytte heim igjen.

 

Eit døme er ei 90 år gamal dame som då ho kom frå sjukehuset var svært medtatt, engsteleg og uttrygg. Under opphaldet på sjukeheimen var ho heime fleire gonger saman med helsepersonell for å førebu seg på å flytte heim igjen. Den første tida heime fikk ho mykje hjelp frå heimetenesta fleire gonger om dagen, ho fekk heimkøyrt mat sidan ho følte seg usikker på matlaging og ho klarte heller ikkje å gå i trappa opp til andre etasje kor frysaren sto. Ho fekk intensiv trening då ho flytta heim.

 

I dag går i ho i trappa, lagar mat sjølv og får kun litt hjelp frå heimetenesta. Og ikkje minst - ho er strålande fornøgd med å kunne bu heime.

 

Førebygging og rehabilitering er ein viktig del av eldreomsorga.

 

Vi blir friskare eldre, men likevel kan demensen ramme den sprekaste av oss. Eg er oppteken av å gje desse eit verdigare liv.

For mange vil det vere å kunne bu heime i trygge omgjevnader framfor på sjukeheimen. Senterpartiet er ikkje eit parti som ofte lovfestar rettar på tvers av det kommunale sjølvstyret. Likevel er det eit forslag i programmet om å lovfeste dagtilbod for demente. Eg støttar det. Om demente på dagtid får eit tilbod, vil det gje betre livskvalitet til dei, og også gjere kvardagen enklare for pårørande.

Alle snakkar om demensomsorg. Men har det kome gode nok svar på utfordringane.

Eg meiner nei.

Demente må møtast med tryggleik, dei må bli sett og dei må aktiviserast i samvær med andre menneske.  

Demensomsorg krev fagkunnskap, men det krev også aktivisering  som turgrupper og kulturaktivitetar. Dette er som skapt for frivilligheita, godtfolk!  Vi veit at mange gjerne stiller opp, om det blir gitt plass og rom for dei.

Eg vil utfordra kommunane: lag ein demensplan, der aktivisering er ein sentral del, og frivillig sektor og pasientvenner er eit verkemiddel.

Pårørande og frivillige vil vere viktige i framtidas eldreomsorg. Vi må sjå på ordningar som gjer det enklare for familien og frivillige til å bidra. Vi er kvardagspartiet, og vår eldrepolitikk skal handle om kva slags kvardagar kvar enkelt ynskjer for seg og familien.

Eg meiner vi treng ei romslegare og styrka ordning for omsorgsløn. Og det må vera mogleg å ta fri med løn når gamle foreldre er sjuke på same måte som sjuke barn. Senterpartiet løfta omsorgsløna fram, no er tida inne for å styrke ordninga, og finne muligheiter for å kombinere omsorgsløn med offentlige tenester.

Programforslaget på eldrepolitikk er nytenkande.

Vi ønskjer ei meir individuellt tilpassa eldreomsorg.

Vi må ta debatten om aldersgrensa i arbeidslivet som hindrar folk i å stå i arbeid så lenge dei vil.

Nye løysingar skal gi friskare og gladare eldre, fleire skal bu heime og det skal være inngangen i diskusjonen om føresett utbygging og styrking av omsorgsbustader og sjukeimsplassar. Det skal ikkje vere tvil om at Senterpartiet og vil gje eldre tilbod om omsorgsbustad og sjukeheimsplass når dei treng det. Men - målet er å leggje om eldreomsorga slik at fleire kan leve eit meir verdig liv lenger.

Dette vil koste milliardar. Det vil Sp prioritere.

Når ein er ung drøymer ein om framtida. Oda vil ha mange draumar i åra framover. Ho vil glede seg til å begynne skulen, til sin fyrste jobb og ho vil kanskje møte ein kjærast som ho vil drøyme om å stifte familie og skape ein heim med.

Mor gler seg over våren, og drøymer om ny sommar med kaffikoppen ved kjøkkenbordet mens ho kan følgje med på  aktivitetane ute på tunet.  Dei lange telefonsamtalane med vener og familie. Besøk frå barn og barnebarn som gjer energi i kvardagen.   

Vi hadde draumar som unge, og vi har draumar om alderdomen. Fleire kan jo kjenne seg igjen: Når eg blir pensjonist kan eg reise meir, eg skal ta med barnebarna på kino, eg skal gå enda meir i fjellet og eg skal samle familien og venner enda oftare rundt bordet til eit felles heimelaga måltid. 

Eg ynskjer at ein i alle fasar av livet skal få muligheita til å realisere draumane sine. Då treng vi Senterpartiet sin eldrepolitikk. Det gjeld år til livet og liv til åra.