Meny
Bli medlem

HV11 Setnesmoen må bestå!

Sist endret: 27.09.2020
I dag kom beskjeden frå forsvarssjefen om at HV11 Setnesmoen på Åndalsnes bør leggjast ned. Det får forsvarspolitisk talskvinne for Sp, Liv Signe Navarsete, til å reagere.


 
- HV10 i Sogn og Fjordane er allereie lagt ned. Dersom HV11 Setnesmoen også vert lagt ned står Noreg utan ein militær base mellom Bergen og Trondheim, noko eg meiner vil vere heilt uakseptabelt. Eg vitja Setnesmoen i vår og fekk eit særs godt inntrykk av arbeidet som vert lagt ned og den store tydinga det har for regionen.
Navarsete peikar på at det er ein sterk forsvarsvilje i det norske folk og at forsvaret må vere tilstades i heile landet for å oppretthalde dette.
 
- Me kan ikkje sentralisere bort forsvaret og tryggleiken til folk over store delar av Vestlandet, seier Navarsete, og minner om at då forsvarssjefen føreslo å leggje ned Setnesmoen og to andre heimevernsdistrikt  for fire år sidan vart dette omgjort av den raudgrøne regjeringa, som også opprettheldt mannskapstyrken i Heimevernet. Ho oppmodar dagens blå regjering til å gjere det same no.
Navarsete får full støtte frå partikollega og stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, Jenny Klinge.
 
- Det vil vere ei stor tabbe om regjeringa går inn for å leggje ned HV11. I tillegg til at Setnesmoen er viktig for rikets sikkerheit og folks tryggleik, er det også ein stor og viktig arbeidsplass for distriktet, seier Klinge.
Senterpartiet har tidlegare uttalt at dei ynskjer å auke budsjettet til Heimevernet. Det ynskjer dei framleis.
 
- Sjølv om 7 av 10 soldatar i Forsvarets operative struktur i dag er ein del av Heimevernet, utgjer Heimevernet sitt budsjett kun om lag 3% av forsvarsbudsjettet. Senterpartiet vil ikkje kutte, men auke ressursane til øving og trening av heimevernet, avsluttar Navarsete.