Meny
Bli medlem

If it ain?t broke?

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Regjeringa sin sentraliseringsiver vil ingen ende ta. Kommunar skal verte større og sjukehus og politi skal sentraliserast. No står høgskulen for tur, skriv stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

No er det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sin tur til å slå på sentraliseringstromma. Høgskulane står for tur. Kvaliteten vert nemleg betre då, meiner ministeren.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har gong på gong uttrykt og vedteke at dei ikkje ynskjer ei samanslåing, men Røe Isaksen gir seg ikkje. Han seier at kvaliteten på lærestaden skal styre.
Det er difor pussig at kunnskapsministeren er så utolmodig med å få slått saman HiSF med andre. Og at han vil bruke rå makt for å få det til. Fleire gonger har nemleg Høgskulen i Sogn og Fjordane vist at dei er heilt i front når det kjem til kvaliteten på utdanningstilbodet.

Høgskulen er den viktigaste institusjonen me har i fylket. Ein har greidd å vekse gjennom å finne fleksible løysingar og godt samarbeid med andre institusjonar og organisasjonar, både offentlege, næringslivet og i frivilleg sektor. Skulen rekrutterer godt, har god studentgjennomstrøyming og gode resultat. Når ungane i Sogn og Fjordane har mellom dei beste skuleresultata i landet er Høgskulen si lærarutdanning ei viktig årsak. Skal Høgre og Frp få kaste dette på båten i din idologiske sentraliseringsiver?

Ein rapport frå Nifu (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) konkluderer med at høgskulane i Norge sin største styrke er den desentraliserte strukturen.

Denne strukturen gjev høgskulane nær kontakt med næringsliv og bedrifter i sin region. Nettopp dette er ogå noko av HISF sin styrke. Kva vil skje med dette fortrinnet høgskulen har i dag om sentraliseringa og samanslåinga held fram i like stort tempo som regjeringa legg opp til?

Dersom HISF vert slått saman med andre større utdanningsinstitusjonar kan skulen miste sjølvråderetten sin over studium og emne. Om dei mister den mister dei også moglegheita til å skreddarsy tilbod etter det regionen treng. Ei svekking av sjølvråderetten til HISF vil bety ei svekking av heile fylket som er så avhengig av den rekrutteringa til arbeidslivet som høgskulen tilbyr.

«If it ain’t broke, don’t fix it» er det noko som heiter. Det er på tide at kunnskapsministeren tek det inn over seg. Høgskulen i Sogn og Fjordane har vist at dei kan levere varene, sjølv om dei er små. La dei få lov til å halde fram med det.