Meny
Bli medlem

Ikkje rør landbruket, sa KrF-Bekkevold i valgkampen

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Vi har nå fått ei regjering, der den blå blå regjeringa er i ferd med å gjennomføre tiltak som kan få svært alvorlege følgjer på mange område som vil gjera det langt tøffare for distrikta, for landbruket, for matsikkerheit og dei som har minst i dei komande åra. Og det er ikkje vi i Sp som har kome med skremslar, nei det er verkelege endringar som den nye regjeringa er i ferd med å gjennomføre, skriv Anne-Nora Oma Dahle, fylkesleiar i Telemark Sp.

 

Vii har ein Europaminister ved statsministeren sitt  kontor som reiser til Brüssel og beklagar at Norge har tollbarrierer slik at vi kan produsere mat. Slike tollbarrierer har alle andre land, EU inkludert. Dei høgste ropa om at «ostetollen» var urettferdig,  kom ikkje før valget frå EU, nei dei kom frå partiet Høgre og Venstre her i landet. Og nå vil altså Høgre reversere denne «urettferdigheita». Vi må nå appellere til Krf og Venstre i Stortinget, som har ei stor oppgåve i å stoppe denne galskapen!

 Krf  og V  har ansvaret for å ha satt inn H og FRP i regjering. Dei har saman med regjeringspartia  ansvaret for at landbruksministeren kan herje med norsk landbruk og norske bønder.  Den nye landbruksministeren  seier  at ho ikkje vil setje inn tiltak for å løyse overproduksjonen av svinekjøtt. Det skal bli ordna av marknadskreftene, og då lyt ein «knuse nokre egg». Det vil seie nokre må gå konkurs, og det rammar sjølvsagt unge bønder med stor gjeldsbelastning hardast.

Sylvi Listhaug seier ho ønskjer å satse på unge bønder og rekruttering til landbruket. Det ho så gjer er å «premiere» unge bønder med auka skattetrykk når dei skal ta over ein gard, for å rettferdiggjere bortfallet av arveavgift for andre grupper i samfunnet.

Nei, Geir Bekkevold og Kr.F  - de sit med eit stort ansvar for det som nå skjer innanfor landbrukspolitikken. Og det ansvaret kan de ikkje rømme frå. Korleis kan de stille sitje å sjå på at Listhaug herjar med norsk landbruk kvar dag og bit for bit riv grunnen unna ei slik langsiktig næring?