Meny
Bli medlem

Initiativrett til utgreiing om kommunesamanslåing

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det er kommunestyrene som har initiativrett når det gjeld spørsmål om kommunesamanslåing. Inndelingslova § 8 har overskrifta «Initiativrett». I inndelingslova § 8 (2) heiter det: "Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om samanslåing eller deling kan berre fremjast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv i dei kommunane eller fylkeskommunane endringsforslaget gjeld." Det er spesielt at Fylkesmannen spring rundt òg forsøkjer å sette i gang initiativ. Det er òg ugreitt at ein komité på Stortinget kjem med oppmoding om utgreiingar, når lova seier at initiativ i slike saker ligg hos kommunane, skreiv Jon Rikard Kleven, Sp sin ordførarkandidat i Vinje

.Lova seier enkelt å greitt at eventuelle initiativ om kommunesamanslåing SKAL kome nedafrå, og ikkje frå Oslo. Dersom ein skal tru at lovar er fornuftige, er det altså kommunale initiativ som Stortinget meiner er det fornuftige etter gjeldande lov. Regjering, Fylkesmann og Storting har ikkje heimel til å påleggje kommunane utgreiingsplikt eller andre initiativ.

 

Kommunane bør ikkje vere med på eit ulovfesta hastverkspress frå statsråd Jan Tore Sanner eller Fylkesmannen i Telemark. Fylkesmannen har ikkje heimel til å presse kommunane inn i eit reformarbeid. Når reformprosessen hastar slik, er det sjølvsagt fordi regjeringa vil få dette til før Stortingsvalet, i frykt for ikkje å bli attvald. Eg meiner kommunane ikkje kan akseptere at den størte reformprosessen på 50 år skal skje med hastverk og manglande grunngjeving fordi nokon er redd for taburettane sine. Har samanslåing gode grunnar for seg, så tåler den ei utgreiing. Då vil jo kommunane slå seg saman uansett kven som har regjeringsmakt. Problemet for regjeringa er at reformforsøket er ikkje godt grunngjeve. Det er eit ynskje om kommunereform (truleg grunna i den kåte sentraliseringsiveren), men regjeringa er på leit etter gode grunnar.

Det har til no ikkje kome gode argument for kommunesamanslåing, men alle utgreiingar og erfaringar viser at det lokale sjølvstyret blir svekka, avstand mellom innbyggjarar og dei som avgjer blir støre og makta blir flytta frå lokalpolitikarane til byråkratane. Mitt syn er at det skal tungtvegande grunnar til for å vege opp mot eit svekka lokalt sjølvstyre. Når slike grunnar ikkje ligg føre er det nettopp fordi reformdebatten ikkje kjem frå kommunane, men frå regjeringa som ikkje veit kor skoen trykkjer – eller om den trykkjer. Initiativet kjem ovanfrå.

No spring mange rundt i den tru at kommunesamanslåing ikkje er til å unngå. Dersom ein trur at kommunesamanslåing ikkje er til å unngå, så blir det årsaka til kommunesamanslåing.