Regjeringa sitt mål er at kommunane skal tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester i framtida som i dag. For å nå dette målet må kommunane tenke nytt.
- Eit innovasjonsstudium kan gje kommunetilsette viktig kunnskap og praktisk erfaring i dette arbeidet, seier statsråden.
Høgskulen i Lillehammer får saman med Høgskulen i Gjøvik 1,5 millionar kroner for å starte opp og utvikle eit innovasjonsstudium for tilsette i kommunane. Totalt var det elleve søkjarar på tilskotet, som blei lyst ut i mai.
- Den store interessa er svært positiv, og syner at innovasjon i kommunesektoren er høgt oppe på dagsorden også hjå utdanningsinstitusjonane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Blant mange gode søkjarar, blei søknaden frå Høgskulen i Lillehammer og Gjøvik vurdert å vere den beste. Skulane legg opp til eit samlingsbasert studium, og har utvikla studiet på bakgrunn av innspel frå referansepanel med kommunale leiarar.
Innovasjonsstudiet skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap om innovasjonsprosessar i kommunane. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.
Studiet skal vere tilgjengeleg for deltaking frå kommunalt tilsette i heile landet.
Tiltaket er ein del av regjeringa sin innovasjonsstrategi for kommunesektoren, som blei lagt fram i april i år.