Meny
Bli medlem

Interpellasjon om dei distriktspolitiske verkemidla

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Olav Tho har stilt følgjande interpelasjon til komande kommunestyremøte i Hjartdal: Kor stor verdi har den differensierte arbeidsgjevaravgifta arbeidsgjevaravgifta i 2013 for Hjartdal kommune sjølv og anslagsvis for næringslivet i kommunen? Kva har Hjartdal kommune gjort, og kva vil kommunen gjera, for at næringsliv og kommune framleis kan ha ei slik ordning? Det bør vera ei målsetting at kommunen kjem i same sone som Tinn og Vest-Telemarkskommunane.

Bakgrunn:

Dei distriktspolitiske verkemidla (statleg støtte til næringslivet) skal regelmessig godkjennast i ESA-systemet og no på nytt med verknad frå fyrste årsskifte for ein ny periode.

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta har særleg stor tyding for næringslivet i kommunen og for kommunen sjølv. Berre for kommunen sjølv har dette tydd ein utgiftsreduksjon årleg

på vel to millionar. Det er såleis av stor tyding for næringslivet i kommunen at Hjartdal kommune framleis blir i ei sone med redusert arbeidsgjevaravgift.