Meny
Bli medlem

Interpellasjon om tannklinikken i Sauland

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Olav Tho har stilt følgjande spørsmål til ordførar Løkslid i komande kommunestyremøte i Hjartdal: Kva gjorde ordføraren for å hindre gjennomføring av det endra vedtaket i fylkeskommunen? Kva gjer ordføraren no i denne saka? Hjartdal senterparti bed om at det blir arbeidd aktivt frå Hjartdal kommune si side, slik at ulempene blir minst moglege for brukarane.

Til ordføraren

 

INTERPELLASJON OM TANNKLINIKKEN I SAULAND

 

Gjennom media blir ein gjort kjent med at tannklinikken blir/er lagt ned frå  1. januar 2013. Dermed forsvinn eit tilbod i kommunen, som ein har hatt i fleire ti-år. Det fører til mange ulemper og auka kostnader for brukarane.

I tillegg er det ei uheldig sentralisering, som svekkar Sauland som kommunesenter, samt at kompetansearbeidsplassar forsvinn frå kommunen.

 

Gjennom fleire år har fylkeskommunen ynskt å legge ned tannklinikken i Sauland for å spare pengar.

Men gjennom drøftingar og tingingar, særleg på politisk nivå, har Hjartdal kommune greidd å få fylkeskommunen til å vidareføre drifta av tannklinikken i Sauland, sist hausten 2011, rett før valet.

Da vedtok ansvarleg fylkesutval (Utval for kultur og identitet) samrøystes å forlenge tilbodet så lenge vår viljuge og dyktige tannlege var i arbeid.

Etter valet fekk dette fylkesutvalet nye medlemmer og ny leiar og gjorde om vedtaket.

 

Spørsmål:

Kva gjorde ordføraren for å hindre gjennomføring av det endra vedtaket i fylkeskommunen?

Kva gjer ordføraren no i denne saka?

 

Hjartdal senterparti bed om at det blir arbeidd aktivt frå Hjartdal kommune si side, slik at ulempene blir minst moglege for brukarane.

Det må vera ei målsetting at det framleis kan vera eit tannhelsetilbod lokalisert i kommunen, eventuelt med ein privatpraktiserande tannlege.

Det fungerer andre stader.