Meny

INVITASJON TIL MØTE MED TRYGVE SLAGSVOLD VEDUM

Nord-Fron Senterparti inviterer Sp sine lokallag i Gudbrandsdalen til møte på Rudi Gard, måndag 2. november kl. 18.30. Tema for møtet er "kommunereform og framtidig kommunestruktur i Gudbrandsdalen". Vi er svært glade for at leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, vil vera med på møtet.

Trygve vil innleie til debatt.

Neste år skal det haldast folkerøysting om framtidig kommunestruktur i dei fleste kommunane i Gudbrandsdalen.

Senterpartiet sine standpunkt vil vera viktige for svært mange når dei skal ta stilling til spørsmåla i folkerøystingane. 

Det er viktig for oss å drøfte desse spørsmåla i eit overordna perspektiv, før debattane i den enkelte kommune startar for fullt. 

Pris kr. 50,- pr. person.

Alle er vel møtt!

Av omsyn til servering ber vi om at kvart lokallag kjem med ei samla påmelding.

Påmelding til [email protected], innan torsdag 29. oktober.

Med helsing frå Nord-Fron Senterparti.