Meny
Bli medlem

Ivar Odnes sitt innlegg til landsmøtet

Sist endret: 27.09.2020 #Oppland
Her kan du lese Ivar Odnes sitt innlegg til landsmøte

Gode landsmøte!

Nå er det valgår og Senterpartiet er i bedre form enn vi har vore på lenge! Dette tegner bra for valgkampen!
Eg høyrde Trygve på politisk kvarter i dag tidleg invitere heile Haugesund hit til dans i løpet av helga! Så her kjem det til å bli folksomt på dansegolvet!
 
Og oss ser det overalt nå! Fleire og fleire vil vera med på dans med Senterpartiet. Oss har medlemsvekst og gode meinigsmålingar. Det skal oss fyrst og fremst takke oss sjølv for, men oss skal au takke den blåblå sentraliseringsregjeringa vi har i dag! Den regjeringa er bra for oss på den måte den utfordrar våre verdiar og kjernesaker. Den gjev oss plass til å få fram vår politikk.Men for landet er regjeringa sin politikk svært negativ!
 
Eg vil bruke Valdres som eksempel: Valdres er ein typisk distriktsregion, med landbruk og reiseliv som viktige næringer. 
Det blir prata varmt om fjellandbruket og småskalaproduksjon frå regjeringa sin side. Men kva gjer regjeringa?
Bioforsk sin avdeling, Løken i Valdres er foreslått nedlagt av styret i Bioforsk. Dette er regjeringsstyrt. for bla anna å sikre regjeringens skattelette for dei rike, skal altså forsking for å utvikle det viktige fjellandbruket kuttast!
 
I statsbudsjettet for 2015 så vart det kutta 55 mill på E16 Filefjell, rutetilbudet på Leirin vart vedteke lagt ned, men Valdres skal få lov til å starte ein kommersiell charterflyplass. 
I Valdres skal oss nå drive ein flyplass kun basert på utanlands charter, korleis løyser regjeringa dette? Jau da kutter oss 45 mill i markedsføring Norge i utlandet!!
 
Andre saker som kan nemnast.
- Kutt i differansiert arbeidsgjevaravgift for viktige næringer i Valdres som transportselskap og energiselskap.
-  Kutt i rammoverføringer til kommunene.
- sentralisering av skattekontor
- Politidistriktene har vorte kutta med  over 250 mill sidan 2013. Dette er ikkje å satse på politiet, dette er ikkje å ha hjertet for heile landet.
- i januar assisterte politiet i Valdres 22 ulykker på stamvegen Oslo-Bergen. Det betyr at ei politipatrulje er opphengt med trafikkdirigering og sikring av ulykkesstaden nesten dagleg. Når skal du kunne drive forebygging og anna viktig politiarbeid i regionen?
Senterpartiet ynskjer å sikre gode nærmiljø, og det står det mykje bra om i det politiske dokumentet vi skal ta stilling til seinare i landsmøtet! Det er bra at vårt forslag om betydning av tilstedeværelse av politi er føreslege teke inn i dokumentet. For oss handlar om å ha respekt for, og ta i bruk dei totale ressursane som vi har rundt om i heile landet!
 
Norge har ikkje råd til at dette regjeringsprosjektet får lang levetid. Oss må sørge for at det ikkje blir ei lengeværande regjering, men sende den raskast mogleg ut av regjeringskvartalet!
 
I går kveld var eg på konsert med Paul Simon og Sting i Oslo. Å eg vil til slutt sitere Sting, som kan vera ei fin sms-helsing til Erna og Siv, Trygve! "every breath you take, every move you make, Trygve vil be watching you!"
 
Takk for oppmerksomheten!