Meny
Bli medlem

Ja til matproduksjon i Noreg

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Landbrukspolitikken får klart fram skiljelinjene i norsk politikk. Høgre, Venstre og Frp vil med sin politikk legge ned det meste av matproduksjonen i Noreg. Det vert følgjene av å svekke tollvernet og redusere støtta til matprodusentane over statsbudsjettet.

 I tillegg vil desse partia gjennomføre ei rekkje endringar slik som å fjerne konsesjonslover og ta frå landbruket forhandlingsretten med staten. Bjørn Lødemel (H), Frank Willy Djuvik (Frp), og Sveinung Rotevatn(V) gjer sitt beste for å avdramatisere verknadane av eigen politikk. Dei står fram som lite anna enn lydige lakeiar for Oslomakta. Desse tre går til val på å legge ned landbruket i Sogn og Fjordane i lag med tusenvis av arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien, transportbransjen, og andre servicenæringar som har landbruket i fylket som sin oppdragsgjevar.

Kvifor dette korstoget mot landbruket? Kvifor ser ikkje desse partia og politikarane verdien av å produsere mat til eiga befolkning når alternativet er kjøpe maten ut av munnen på andre i ei verd der mange svelt? Etter mitt syn skuldast dette ei blind tru på at marknaden ordnar opp uansett. Dei er ikkje villege til å ta inn over seg at mat faktisk er noko ein ikkje kan klare seg utan.

Senterpartiet meiner at det og sørgje for at eiga befolkning har nok mat er noko av det mest fundamentale ansvaret ein nasjon har. Matproduksjon kan ikkje samanliknast med å produsere spikar eller bilar. Dei naturgjevne føresetnadane varierer frå land til land og frå bygd til bygd. Skal vi produsere mat i Sogn og Fjordane og i Noreg så må vi vere villege til å ta i bruk politiske verkemiddel. Vi bur i eit land som har gode naturgjevne føresetnader for å produsere rein og trygg mat. Vi kan ikkje konkurrere med landbruket i land med heilt anna klima og uendelege vidder. Det er ikkje mogeleg å produsere mat med norsk kostnadsnivå, og samstundes forvente at maten ikkje skal koste meir enn den gjer i utlandet. Det er ei ærleg sak og ikkje ville produsere mat i landet vårt. Når dei tre vise menn frå Høgre, Frp og Venstre prøvar å innbille folk i Sogn og Fjordane at deira politikk kan gjennomførast utan at det får følgjer, og attpåtil kallar politikken for «nye idear og betre løysingar», så er dette lite anna enn svindel på høglys dag.

Sigurd Reksnes
nestleiar og 3.kandidat
Sogn og Fjordane Senterparti