Meny
Bli medlem

Ja til Oppland som fortsatt eget fylke

Sist endret: 16.03.2017 #Oppland
På fylkestinget onsdag behandles sak 74/16 Regionreform - veien videre for Oppland. Flertallspartiene går inn for at Oppland skal bestå som eget fylke

Forslaget til vedtak fra fylkesrådmannen er at Oppland fylkeskommune går i forhandlinger med Hedmark fylkeskommune med intensjon om slå sammen fylkene i 2020.

Senterpartiet har sammen med Arbeiderpartiet, SV og KrF blitt enige om følgende forslag til vedtak:
1.  Fylkestinget vil understreke den viktige rolla det regionale folkevalde nivået har saman med
kommunalt og statleg nivå, i forvaltning av oppgåver og tenester på vegne av innbyggarane våre.
Uavhengig av regionreforma kan fylkeskommunen med dagens organisering også tilførast større
oppgåver og ansvar.


2.  Fylkestinget viser til tidlegare vedtak om at det regionale nivået må få eit klart definert ansvar for dei oppgåver som er viktige for den regionale utviklinga. I tråd med dette understreker fylkestinget at folkevalde regionar må få overført oppgåver frå staten innanfor fylgjande område:
a)  Statens vegvesen sitt regionapparat/fylkesavdelingar
b)  Kulturrådet og tildelingar til regionale formål frå Kulturdepartementet
c)  Delar av Forskingsrådet sitt program
d)  Konsesjonsoppgåver og rettleiingsoppgåver frå NVE og annan naturressursforvaltning av
regional karakter
e)  Dei delar av BUF-etat som ikkje kan leggast til kommunane
f)  Deler av Fylkesmannen sin portefølje innan miljø og landbruk
g)  Prosjektskjønnsmidlar
h)  Integrerings- og inkluderingsoppgåver, blant anna frå IMDI
i)  Andre oppgåver frå statlege etatar som er relevant overdrege til regional folkevald styring.
j)  Tannhelse må fortsatt vere ei fylkeskommunal oppgåve

3.  Fylkestinget meiner at det som grunnlag for både kommune- og regionreforma burde ha vore
gjennomført ein statsreform med utgangspunkt i forenkling og utflytting av ansvar og oppgåver
frå statlege nivå over til kommunar og regionar. Med få eller ingen endringar av statleg sektor
har ikkje dette gjeve eit naudsynt fundament å bygge endringar på i kommune- og
fylkesreforma.

4.  Noreg er ein einskapsstat, ingen føderasjon der regionar kan ha makt uavhengig av staten.
Reform av regionalt og lokalt styringsnivå må difor vera nasjonalt balansert. Ein fragmentert
region- og kommunereform vil leggje grunnlag for varig regional ubalanse, i strid med overordna
mål for busetnads- og næringsmønster og med målet om likeverdige føresetnader for
innbyggjarane uavhengig av kor i landet ein bur.

5.  Fylkestinget går inn for at Oppland skal bestå som eige fylke.