Meny
Bli medlem

Jan Tore Sanners lettvinte påstandar

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I VTB 25.04.15 skriv kommunalminister Jan Tore Sanner ei ytring under overskrifta «Misforstått om kommunereform». I innleiinga skriv han at debattantar som kastar fram lettvinte påstandar ikkje tener debatten. Men kva gjer han sjølv i det same innlegget? Kastar fram 4 lettvinte og ugrunna påstandar.

IFyrst heiter det at dei som er imot kommunereforma ikkje tek innover seg urbaniseringa. Meiner kommunalministeren i Oslo at vi som kjempar for kommunane våre bidreg til urbanisering, men ikkje regjeringa med sin enorme sentraliseringspolitikk? For det fyrste burde statsråden grunngjeve kva for element i kommunereforma som vil bremse urbaniseringa. Kommunesamanslåingane i 1964 førte vel ikkje til det. Og kvifor kan ikkje regjeringa spreie statlege arbeidsplassar i støre grad ut over landet, i staden for å fjerne dei frå kommunane som t.d. skatteoppkrevjarfunksjonen. Grunngjevinga manglar Stastråd!

For det andre skriv kommunalministeren at lokalpolitikarane mister oversynet over dei kommunale tenestene fordi det eksisterer fleire IKS – interkommunale selskap. Det hadde vore interessant med litt fakta og ei grunngjeving for den lettvinte påstanden. Kanskje ei spørjeundersøking blant politikarane i Vinje om kor godt oversyn de hadde over bedriftshelsetenesta når den var intern, kontra når den er ekstern. Regjeringa har nettopp gått inn for å opprette eit vegselskap for å sleppe debattane i Stortinget om pengebruk på vegar. Kvifor gjev vegselskapet betre politisk oversyn enn eit IKS?

Som eit tredje punkt skriv Sanner at dagens situasjon, status quo, representerer stillstand. Meiner kommunalministeren at kommunane ikkje utviklar seg fortløpande? At dagens kommunar ikkje er dynamiske, men har stått på sama stad i årevis? Det hadde vore greitt med ei grunngjeving på kvifor dagens kommunar ikkje er i stand til å utvikle seg med tid og tilhøve. Kvifor ein kommune med fleire innbyggjarar blir dynamisk, mens dei med dagens tal innbyggjarar ikkje utviklar seg. Eg forstår det slik at påstanden er retta mot både bykommunar og små kommunar, så då er det ikkje lett å forstå den grunnlause påstanden frå statsråden.

Til slutt kjem gulrot til oss esel, saman med ein trugsel: Anten kan kommunane slå seg saman å få litt fleire oppgåver, eller så kan dei vere som no og det blir meir statleg detaljstyring og sentralisering. Kvifor må det vere slik? Kvifor kan vi ikkje få mindre statleg detaljstyring og sentralisering slik det er i dag, dersom vi kan få det med 200 kommunar i staden for over 400? Kvifor kan ikkje kommunane få meir handlerom i dag? Dette er ei svart/kvitt måling som ikkje kan kallast anna enn lettvint. Og det tener ikkje debatten.  

 

Jon Rikard Kleven

Ordførarkandidat Vinje Senterparti