Tokke Senterparti ser på fengslet i Kleivgrend som ein godt døme på korleis fangar blir sett i stand til å førebu seg på eit liv ute i det ordinære samfunnet. Rehabiliteringstreninga i Kleivegrend er fagleg god. I tillegg er driftskostnadene per fange særs låge.
På leiren i Kleivgrend er det også om lag 20 arbeidsplassar, som er viktig for fleire kommunar i Vest-Telemark, men særleg for Fyresdal og Tokke. Mange innsette i fengslet har også fått god kursing i til dømes sveising og data ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
Senterpartiet reknar med at også dei andre politiske partia på Stortinget ser at fengslet i Kleivegrend er veldrive og bør drivast vidare. Justiskomiteen skal koma med sin innstilling den 2. juni 2015 og saka skal handsamast i Stortinget 8. juni.
Jarand Felland
ordførarkandidat for Tokke Sp