Meny

Jostein Ljones på fylkesårsmøtet- Ein distrikspolitikk der verdiane kan yngla der dei vert skapte

På talen til fylkesårsmøtet Hordaland Senterparti oppsummerte Ljones åra i regjering, og peikte særleg på satsinga på fornybar energi og samferdslesatsinga.

 

Les heile talen her:

Årsmøte, ordstyrarar

Det er kjekt å sjå så mange Senterpartistar samla på ein stad!

Det skal bli godt å samlast her diskutera politikk og byggje parti det neste dryge døgeret. Me treng påfyll av energi etter åtte, gode men energikrevande år for Senterpartiet, der vårt parti har styrt landet i lag med AP og SV i den raudgrøne regjeringa. Senterpartiet fekk i denne regjeringa sett eit klart og tydeleg "SP- fotavtrykk". Vår vilje til å satsa på velferd og tryggleik for folk flest, over heile landet med styrking av kommuneøkonomien. Det er ikkje mange ordførarar som klagar over kommuneøkonomien fordi dei ikkje klarar å gi ein tilfredstillande velferd og tryggleik til innbyggjarane i kommunen. Om dei klagar over kommuneøkonomien er det fordi kommmunen har prioritert å bruka for mykje av ressurasane på andre oppgåver enn basisoppgåvene. God skule- og eldreomsorg og tryggleik for innbyggjarane handlar om at kommunane er i stand til og har økonomi til å yte tjenestene til innbyggjarane sine, ikkje om det er offentleg eller privat drift av tjenestene slik den nye regjeringa tilsynelatande trur.           

Senterpartiet fekk gjennomslag for ei auka satsing på landbruket der ein klarte å tetta litt av gapet i inntektsutviklinga til bøndene mot andre grupper i samfunnet. Me fekk endra ostetollen slik at den norske forbukaren også i framtida kan velje norsk ost. Dette fordi Senterpartiet var villige til å bruke handlingsrommet i EØS- avtalen for å sikra at det er lønnsomt å produsere mjølk i Noreg. Det er ein god måte å ivareta både den norske forbrukaren og landbruket ved å sørge for å ivareta norske interesser for matproduksjon, ikkje store multinasjonale selskap sine interesser, for å foredle kapitalen sin med full markedsadgang til eit kjøpesterkt norskmarked.

Det er nesten ikkje råd å diskutera framtida for landbruket uten å ta med jordvernet, det å prioritera ned jordvernet er å prioritera det kortsiktige. Det at Frp overtok landsbruks-og matdepartementet etter oss har vist seg å vera den største trusselen for jordvernet, der Listhaug systematisk set jordvernet til sida framfor andre interesser. Senterpartiet må synleggjera konsekvensen av å nedprioritera jordvernet, det handlar om å få fram kor viktig matproduksjonen er. Og at det å bygga ned matjord er å prioritera det kortsiktige.

Med Senteterpartiet i regjering fekk me gjennomført ei historisk satsing innan samferdsel. Det har aldri før vore sett igang og planlag så mange samfedselsprosjekt som i forrige periode med Nasjonal Transportplan. Det har vore ei massiv satsing på veg og bane over heile landet. I dei store byane har det vore ei massiv satsing på kolletiv, sykkel og gange for å redusera miljøbelstninga frå trafikken. eit problem som me kjenner godt til her i Bergen på kalde vinterdagar med stilleståande luft. Når den nye transportplanen vert vedteken før sommaren var det med ei historisk høg ramme som sette eit nytt nivå for samferdsel satsing i landet. Det einaste eg vil beklage med det er at det ligg mange nøkkelferdige prosjekt klar til realisering i Samferdsledepartemanget som den ny regjeringa kan rulla ut og" Realisera raskt". Men det er Senterpartiet som har lagt grunnlaget for satsinga i regjering. Utan Liv Signe, Magnhild og Marit i Samferdselsdepartemanget ville det ikkje har vore noko vedtak om "Ferjefri E39". på vestlandet. Det var Senterpartiet som bygde ut eit fiberbasert kommunikasjonsnett i heile landet og sørga for at bedrifter ,offentlege instutisjonar og alle husholdningar skal kunna knyttast til fibernett innan 2015.

Senterpartiet fekk til ei framtidsretta satsing på fornybar energi i ein ny, grønn tidsalder! Det vart behandla og gjeve historisk mange konsejonar innanfor bioenergi, vindkraft og småkraft i var regjeringsperiode. Omlegginga i energipolitikken er nødvendig for at me i framtida skal ha eit næringsliv som spelar på lag med naturen - og forvaltar den betre. Satsinga på fornybarenergi er heilt avgjerande for å nå målet i "Klimaforliket". Sp meiner det er heilt nødvendig at Noreg som ein stor energinasjon tar eit ledarskap i utviklinga av framtidas energibærarar.

Det er svært krevjande for eit lite parti som Senterpartiet å sitje i regjering, me må bruka alle tilgjengelege resursar både menneskelige og økonomiske på å styre landet. Det vert då vanskeleg å klara å byggja ein sterk partiorganisajon. Partiledelsen vart "låst" til Oslo og regjeringskontora, og fekk dermed forlite tid til partiorganisajonen. Dette saman med "regjeringsslitasje" har gjort det mulig med uheldig indre uro i partiet. som no etter nyttår har fått den konsekvens at partiledelsen har stillt sine plassar til disposisjon. og det er sett i gang nødvendige prosessar fram mot eit ekstraordinært landsmøte 7. april.

Stortingsvalet 2013 vart for Hordaland Senterparti ein alvorleg vekkjar, samtidig som me nådde målet om å sikra mandatet til Hordaland Senterparti på Stortinget, med knappast mogeleg margin fekk Kjersti Toppe det siste distriktsmandatet frå hordaland med berre 350 stemmers margin til FrP. Hordalan Senterparti er nødd å ta dette alvorleg å finne ut korleis me skal tryggje fundamentet for partiet framover. Evalueringa etter valet har synt oss at me har mykje å ta fatt i her i Hordaland også for å styrkja laget og samhandlinga i partiet.

Eg vil (om eg vert gjenald seinare i fylkesårsmøtet) sørge for at styret set av nok tid, slik at me kan bygge laget sterkare. Me må verva fleire meldlemar og rekruttera gode listekandidatar. Aktiviteten og studiearbeidet i lokallaga må styrkjast. Me må ha som mål at me stiller lister i alle kommunar til neste kommuneval. Eg vil minna om at me ikkje har tid å miste- allerede no i vår skal me i gang med forberedelsane til neste val kommune- og fylkestingvalet hausten 2015. Der har me ambisjonar om å auka representasjonen til partiet i kommunane og fylkestinget. Me må ha mål om fleire ordførarar i Hordaland og minimum fire representantar på fylkestinget etter valet i 2015.

Politikken og signala til den nya regjeringa er på mangemåtar godt nytt for Senterpartiet! Med det meinar eg at det er godt rom for å driva Senterpartipolitikk. Det vil vera gode forhold for å få fram vårt alternativ. Så om valgresultatet ikkje vart slik som mange av oss håpa på, eller rettare sagt hadde fortjent så veit me at vår politikk fungerar. Vår politikk fører til betre kommuneøkonomi slik at kommunane kan levera betre velferdstjenester, eldreomsorg,skule og utdanning kultur livet og frivilligheten har betre kår, me har ein distrikstpolitikk som gjera at "verdiane kan yngla dar som dei vert skapte". Vår politikk sørgjer for at me har ein bereskap og inftrastruktur i heile landet basert på lokalkunskap i brann politi og helsevesen er avgjerande for folk sin tryggleik.

Kjære Årsmøte: Me har ein viktig jobb å gjera, lat desse to dagane her på årsmøtet ver ein god start på denne jobben.

Lukka til vidare med årsmøtet, takk for oppmerksomheten!