Meny
Bli medlem

Karen Marie Hjelmeseter attvald som fylkesleiar

Sist endret: 27.09.2020
På fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Sp vart Karen Marie Hjelmeseter attvalt som fylkesleiar. Nestleiarane Sigurd Erlend Reksnes frå Eid og Hallvard S. Oppedal frå Gulen var ikkje på val.

 

Nytt fylkesstyre – Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Fylkesårsmøte i Senterpartiet valde 1. mars 2014 nytt fylkesstyre med slik resultat:

 

 

2014 / 2015

Fylkesstyremedlemar:

 

Fylkesleiar

Karen Marie Hjelmeseter – Sogndal (attval)

1. nestleiar

Sigurd Erlend Reksnes – Eid *

2. nestleiar

Hallvard S. Oppedal – Gulen *

Fylkesstudieleiar

Nord – Sør kontakt

Karoline Aldis Bjerkeset – Gloppen (attval)

Styremedlem

Hanne Marie Utvær – Selje *

Styremedlem

Kjetil Felde – Fjaler (attval)

Styremedlem

Jan Magne Herstad – Naustdal *

Stortingsrepresentant

Liv Signe Navarsete – Lærdal **

Senterkvinnene

Gunn Karin Sande – Selje **

Senterungdomen

Eivind Steig – Luster **

Fylkestingsgruppa

Jenny Ellaug Følling – Gaular **

Varemedlemar:

 

1. vara

Kari Hilde Ulvik – Hyllestad (attval)

2. vara

Ole Johnny Stubhaug – Førde (attval)

3. vara

Gro Starheimsæter – Lærdal (attval)

4. vara

Alf Reidar Myrstad – Eid (attval)

SK-vara

Kristina Tomasgard – Gloppen **

SUL-vara

Ingeborg Asperheim Eldegard – Mo / Årdal **

Hilde Horpen - Årdal **

FT-gruppa sin vara

Anders Ryssdal – Gloppen**

Fast innkalla observatørar:

 

Fylkessekretær

Per Rune Vereide – Gloppen **

Sentralstyremedlem

Sentralstyremedlem

Bjørg Bergheim – Jølster **

Organisasjonssekretær

Elise Eide Dvergsdal – Gloppen **

* - ikkje på val             ** - vert ikkje valde av fylkesårsmøte

 

Vedtatte uttalar frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti 1. mars:

 

Prioriter samferdsle i distrikta no!

Samferdsle er ein føresetnad for busetnad og verdiskaping. I Sogn og Fjordane har vi tunnelar med

etterslep, riks-, fylkes- og kommunale vegar som er særs rasutsette og område med manglande fiberog

mobildekning.

For at Sogn og Fjordane skal kunne ha same utvikling som resten av landet krev Senterpartiet i Sogn

og Fjordane at det skal vere leveringsplikt for breiband av fiberkvalitet og mobildekning i heile landet.

Utbygging av breiband skal først og fremst prioriterast der folk bur, ikkje der folk ferierer. Vidare veit

vi at breiband, etter vegsamband, er den viktigaste kommunikasjonsføresetnaden for næringslivet.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at det skal vere trygt å køyre på vegane våre! Det er mange

rasutsette vegstrekningar i fylket, og tiltak er naudsynt. Ifølgje Statens Vegvesen har det rasa stein og

anna masse nedover fjellsidene i Sogn og Fjordane heile 6 000 gonger dei siste 12 åra.

Senterpartiet er også uroa over det store tunneletterslepet og korleis dette blir nedprioritert i

konkurranse med store samferdsleløft i sentrale strøk. Om lag 400 tunnelar her på Vestlandet vert

ståande utan naudsamband ved innføring av det nye digitale naudnettet frå 2014. Dette kan vi ikkje

godta. Senterpartiet ber om at satsinga på vedlikehald, og då spesielt tunneloppgradering og

naudnett, vert vidareført. Ein overordna og fullfinansiert plan for tunnelane våre må kome på plass

før nye ulukker, som den i Gudvangatunnelen, rammar fylket vårt.

Senterpartiet skal vere pådrivar for å sikre at Fylkestinget sitt vedtak frå 10.12.2013, om å opprette

eiga sak om mest mogleg offensiv bruk av ferjeavløysingsmidlar, vert sett i verk så snart som mogleg.

--------------------------------------------

 

God undervisning er hovudoppgåva.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane er uroa over at det vart brot mellom Kommunenes Sentralforbund

og Utdanningsforbundet i forhandlingane om ny arbeidstidordning for lærarar.

I Sogn og Fjordane har partane hatt tradisjon for å samarbeide godt om skule og skuleutvikling. God

skuleleiing og flinke lærarar er to av fleire faktorar for at Sogn og Fjordane har elevresultat som ligg

heilt i toppen nasjonalt. Senterpartiet meiner det er viktig å ha ei arbeidstidsavtale som sikrar like

vilkår og ressurstilfang uavhengig av kvar i landet skulen ligg. Dette, saman med at samfunnet har

tillit til det arbeidet lærarane gjer, vil vere med på å sikre at vi også i framtida kan rekruttere dyktige

lærarar.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har tillit til lærarane og ynskjer lærarar som får bruke tida si på å

førebu og gjennomføre god undervisning når elevane er på skulen.

---------------------------------------------------------

 

Små og mellomstore bruk er avgjerande for norsk landbruksproduksjon.

Senterpartiet har som landbrukspolitisk mål å auka matproduksjonen, auka lønsemd for bonden og

framleis ha eit aktivt landbruk i heile Noreg.

Eit landbruk over heile landet er avgjerande for å oppretthalde eigen matproduksjon og sikre eiga

matforsyning, halde på eit levande kulturlandskap og berekraftige bygdesamfunn. Norsk landbruk

har heile tida utvikla seg, effektivisert og rasjonalisert produksjonen. Landbruket er viktig for

verdiskaping og matproduksjon i Sogn og Fjordane.

Vi ser no at mange mindre bruk her i fylket har store behov for oppgradering og investering i bygg og

teknologi. Senterpartiet i Sogn og Fjordane er uroa for at store delar av grunnlaget for

matproduksjonen i fylket fell vekk, og at vi ikkje greier å halde på produksjonsmengda og auke den i

tråd med framtidige behov. Senterpartiet meiner at investeringsstøtta må opp på eit nivå som kan

forsvare den investeringa som trengst for ein framtidsretta produksjon.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner:

· I Sogn og Fjordane er det naturgitt mange småbruk som er viktige å oppretthalde. Dette for å

sikre kulturlandskapet samt vidare verdiskaping basert på grovfôr– og utmarksbasert produksjon.

· Taket på investeringstilskot må aukast frå 1 mill. kr til 2 mill. kr. Vidare må det bli eit auka

regionalt ansvar å forvalte desse midlane, slik at regionale styresmakter kan fordele midlane i

tråd med regionale behov.

· Lausdriftskravet på fjøs med mindre enn 25 kyr må utsetjast.

· Prisen til bonden på mjølk og kjøtt må aukast, og ein må halde på noverande tollregime.

· Det må bli like reglar for leige av mjølkekvote for enkeltbruk og samdrift.

· Det må framleis leggast til rette for distriktsverkemiddel og ordningar som jamnar ut forskjellane

for matproduksjon mellom sentrale strøk og distrikta, som frakttilskot, prisutjamning på mjølk og

marknadsordninga for mjølk og kjøtt.

· Priskontroll på landbrukseigedomar er eit særs viktig verkemiddel for å ha ein

landbruksproduksjon i heile landet, for alle som framleis skal ha arbeid og inntekt i landbruket,

og for alle som skal inn i næringa i framtida.

---------------------------------------------------------------

 

Fyll opp verktøykassa.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane reagerer sterkt på Regjeringa Solberg sine dramatiske kutt i

løyvingane til Innovasjon Noreg, kommunale næringsfond og regionale utviklingsmidlar. Grunderar

som røysta Høgre / Frp ved valet i haust hadde neppe venta at det var dei som skulle kuttast først.

Tilgang på risikokapital vert av mange peika på som den største bøygen for å få til nyetableringar.

Ved hjelp av Innovasjon Noreg har mange lukkast med å skape si eiga bedrift. Senterpartiet i Sogn og

Fjordane meiner vi må styrkje verkemiddelapparatet, ikkje rasere det slik den noverande regjeringa

legg opp til.

---------------------------------------------------------------

 

Kommunen som samfunnsbyggjar.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane registrerer at stortingsfleirtalet ynskjer å tvangsreformere

kommune-Noreg. I ei slik reform meiner Senterpartiet at grunnleggjande verdiar som folkestyre og

nærleik til tenestene må liggje til grunn. Forsking syner at innbyggjarar i små og mellomstore

kommunar er meir nøgde med tenestetilbodet enn innbyggjarar i store kommunar.

Mange argumenterer med at det vert rimelegare å drifte store kommunar enn små. Erfaringar frå

Danmark si nyleg gjennomførte kommunereform viser at dette er langt ifrå sanninga. Senterpartiet

meiner at forkjemparane for kommunereforma må innsjå at endring av kommunegrenser ikkje fører

til endra geografi. Senterpartiet krev at debatten framover vert basert på folkevilje, friviljugheit,

forsking og kunnskap.

--------------------------------------------------------------

 

Lik nettleige over heile landet.

NRK Sogn og Fjordane har hatt fokus på at straumkundar i Sogn og Fjordane kan få ei ekstrarekning

på ein milliard kroner for at ny fornybar kraft skal kome på nett. Regjeringa har kutta 90 av 120

millionar som låg i det raudgrøne budsjettforslaget som skulle vere til utjamning av nettleige. Dette

er kva det vil koste å kople nye kraftverk på straumnettet, kraft som kjem heile landet til gode. Desse

kostnadane må sjølvsagt delast av alle som nyt godt av straumen. Det blir feil, gjennom nettleiga, å

velta kostnadane over på innbyggarane i område der straumen blir produsert.

Dersom nettleiga går opp med 10 øre vil det til dømes koste Elkem fleire titals millionar kroner i

ekstra utgifter, noko som kan vere kroken på døra. Lokalt næringsliv i ressursrike distrikt vil med

denne ekstrarekninga verte motarbeida i staden for stimulerte, noko vi i Senterpartiet er sterkt

ueinig i.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane er oppteken av at det vert produsert meir fornybar energi. Skal vi få

meir fornybar energi, må vi bygge utmeir småkraft, og henge det på nettet. Storsamfunnet må legge

til rette for at kapasiteten vert auka, gjennom eit spleiselag der heile landet er med. Senterpartiet i

Sogn og Fjordane vil ha lik nettleige over heile landet.

Vi krev at Regjeringa, med Olje- og energiministeren i spissen, gjer grep for å oppnå dette no.