For nokre år tilbake hadde lensmannsbetjentar såkalla reserveteneste/bakvakt. Det innebar at dei som arbeidde i politiet hadde vakt kvar 3. eller 4. helg kvar månad. Dei kunne då rykke ut frå heimane sine på omtrent 5 minutt.
I dag satsar politiet på døgnkontinuerleg vakt i bil. Tenestebilen er plassert der det bur flest folk, noko som ofte er utanfor Vest-Telemark. Det krevst om lag 14 årsverk for å ha to personar i ein bil døgnet rundt heile året. Mobil døgnvakt er såleis ei kostbar ordning.
Resultatet av mobile uttrykningseiningar er at uttrykkingstida i Vest-Telemark har gått opp etter at lensmannskontora slutta med reservevakt. I tillegg er det mange oppdrag politiet rykker ut på i Skien og Porsgrunn, men som politiet ikkje rykker ut på i Vest-Telemark på grunn av at dei ikkje har kapasitet. Oppdrag som politiet ikkje rykker ut på blir ikkje målt og heller ikkje ein del av statistikken.
Ein kan også spørje seg kva politiet gjer dersom det skjer fleire alvorlege hendingar samstundes på helg eller nattestid i Vest-Telemark.
Mitt spørsmål til politimeistaren er: vil du vurdere å gjeninnføre reservakt i Telemark?
Jarand Felland
Ordførarkandidat Tokke Sp