Meny
Bli medlem

Kjell Sverre Thoresen foreslått som ordførarkandidat for Fyresdal Sp

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Kjell Sverre Thoresen er foreslått som ordførarkandidat for Fyresdal Senterparti, som skal ha nominasjonsmøte 8. desember og velje ordførarkandidat. Kjell Sverre er 52 år og har brei og solid erfaring som kommunestyrerepresentant i Fyresdal i to og ein halv periode.

Fyresdal Senterparti får på sitt kombinerte årsmøte og fyrste del av nominasjonen ved valg av ordførarkandidat 8.desember besøk av fylkesleiar Anne-Nora Oma Dahle, som er valgt ordførarkandidat i nabokommunen Fyresdal.

Idag er Kjell Sverre Thoresen leiar av kontrollutvalget i kommunen og rykka opp som leiar der i fjor vår.  Han starta den politiske karriera som leiar av viltnemnda i kommunen. Han har vore og er også aktiv i både bondelag og sau-og geit. Kjell Sverre Thoresen flytta til Fyresdal i 1997.

Leiar av Fyresdal Sp,Guro Libjå gjev uttrykk for glede over at Kjell Sverre Thoresen har sagt ja til å stille som Sp sin ordførarkandidat. - I den situasjonen som det politiske Fyresdal er inne i, er vi veldig nøgd med at Kjell Sverre har sagt seg viljug og at han gjennom solid bakgrunn frå lokalpolitikken kjenner kommunen godt. Dette blir bra, sier Guro Libjå!