Meny

Kjersti i BT: Ostetoll og matvaretryggeleik

BT på leiarplass langar nok ein gong ut mot Senterpartiet sitt arbeid for norsk matvaretryggleik. BT viser til eit fleirtal i EU- parlamentet som er i mot Noregs importvern på landbruksprodukt. Men ostetoll og tollvern handlar ikkje om Sp, det handlar om norsk matvaretryggleik.

Kjersti Toppe :  Lesarbrev i Bergens Tidende 10. juli:

Bergens Tidende og ostetollen

BT på leiarplass langar nok ein gong ut mot Senterpartiet sitt arbeid for norsk matvaretryggleik (BT 6/7). BT viser til eit fleirtal i EU- parlamentet som er i mot Noregs importvern på landbruksprodukt. BT vil difor ha ostetoll til valkampsak. For sjølv om tollen er avgrensa, meiner BT at dette er ein viktig prinsipiell sak fordi den: « representerer Sps nei-til-verda-og-EU-profil, og den hemmar gode handelsrelasjonar til EU».   Men ostetoll og tollvern handlar ikkje om Senterpartiet.  Tollvern handlar om norsk matvaretryggleik.

 

I ei verd med matmangel og i  ein situasjon der Noreg importerer meir enn halvparten av maten vi må ha for å leve , trengs tiltak som aukar norsk matproduksjon. Målet er å auke norsk matproduksjon med 20 prosent dei neste åra.

Betre tollvern er grunnlaget for at det skal kunne bli meir lønnsamt å dyrke gras og produsere meir mat i Noreg. Eit svekka tollvern, som BT - saman med FrP, H og Venstre går inn for, vil redusere verdien av graset. Då vil lønnsemda i bruk av jord gå ned, og norske matprodusentar vil bli enno meir avhengige av tilskot frå staten for å overleve. Særleg vil dette gå ut over vestlandslandbruket.

 

Matvaretryggleik og bruk av vestlandsjorda ei verdisak og ei viktig valkampsak.  Høgre sit no stille i båten, mens Venstre er tydelege. Nestleiar Ola Elvestuen varslar omkamp og gjer svekking av importvernet til valkampsak.  Til glede for BT, men til ulukke for vestlandslandbruket og norsk matvaretryggleik.

 

Kjersti Toppe

Hordaland Senterparti