Meny
Bli medlem

- Kjersti og Sigrid på tinget!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
- Senterpartiet i regjering har levert varene for distrikta, byane , samferdsla , landbruket og barnevernet, sa fylkesleiar Jostein Ljones til fylkesårsmøtet i Hordaland Senterparti. - Den auken i dei frie inntektene til kommunane Senterpartiet har bidrege til, har gjort det mogleg å gi eit betre tilbod til folk flest. Han oppmoda årsmøtet til lokal mobilisering og drive valkamp i nærmiljøet sitt for å sikre Kjersti og Sigrid plass på tinget!

 

Kjære Årsmøte,Statstråd- patileiar,  Utsendingar, Gjester, tilhøyrarar og Presse.

Det er med stor ære- og litt frykt eg entra denne talarstolen for å halde min fyrste Leiarstale i Hordaland Senterparti. Det har vore eit interesanngt og lærerikt år sidan eg vart valgt som leiar i Hordaland Senterparti. det å ta fatt på ei slik oppgåve er utfordrande, og det innebær ei rimeleg bratt læringskurve. Men det er veldig givande å få lov til å inneha ei slik rolle.

Hovudfokuset for  meg og styret  HSP  har lenge vore retta mot valet til hausten. Valet til hausten trur eg vert eit skjebneval for oss som er opptekne av å få gjennomført mest mulig av SP sine politiske løysingar. For HSP er det nesten eit være eller ikkje være at me sikrar Kjersti og Sigrid plass på tinget.  Ja, de hyørde rett me skal ikkje berre fornya mandatet som Kjersti har i dag frå Hordaland, men me skal kapra eit til! Det fortjener senterpartiet og det fortjener Hordaland.  Eg meinar det er eit realistisk mål og eg trur me skal klara å oppnå  det. Det er absolutt ikkje noko  jobb som gjer seg sjølv! Frå no og fram til valet må det gjerast ein god og solid jobb frå alle i HSP.  Utrykket-  "alle skal med" passar godt om me skal nå målet om to på tinget. Eg trur det er mulig, men trur de som sit i salen  det er mulig?  Det håpar eg det er mange som kan svara ja på!. Om det skulle vera nokon som er i bitte litt i tvil no trur eg at når de reiser heim i morgon, så  har alle trua og motivasjonen som skal til for å nå målet. KJERSTI OG SIGRID PÅ TINGET.

Senterpartiet har no snart åtte år samanhengande i regjering med AP og SV. Det har vore ein suksess på den måten, at det er det som har gjordt det mulig å få gjennomført mest Senterpartipolitikk sidan 2005. Me er mange som kunne ha ynskt at det var mulig med andre konstelasjonar for regjeringsmakt men det er det dessverre ikkje pr. dato. Sentrum i Norsk politikk er i skvis mellom dei to store partia H og AP. Senterpartiet er difor i eit "fornuftsektekap me AP og SV for å få eit styringsdyktig fleirtall.  Utfordringen for oss i SP i denne konstelasjonen er å få klart og tydeleg fram for medlemane i partiet - og veljarane våre kva betydning det har for rettninga til den raud- grøne regjeringa at Senterpartiet med Liv Signe i spissen er med å styrer landet.                                                   

Kva betydning har det  for distrikta, for samferdsel, for  landbruket, for bestemor på sjukeheimen, for ungane i skulen, for barneværnet, osv?. For desse og mange fleir har Senterpartiet sin politikk vore heilt avgjerande. Den avgjerande faktoren er Senterpartiet si satsing på styrking av kommuneøkonomien,  om kvaliteten i tjenestene skal vera god eller mindre god. Det handlar ikkje om kven som yt tjenestene offentleg- eller privat slik H og FRP framstiller det,  men om det er tilfredstillande kommuneøkonomi til å betala for den  kvaliteten som det skal vere i  tjenestene. For uansett kven som yt tjenestene er det kommunen som skal betala for dei. Med fyrst Magnhild- og no  LSN i førarsete i KRD har det vorte meir interessant å vera lokalpolitikar. Lokaldemokratiet har fått reelt innhald med auken som har vore i frie inntekter til kommune Noreg. Det er heldigvis lenge sidan, men nokon av oss hugsar kva situasjonen var i kommune Noreg når Erna (jern Erna) styrde KRD. Høgreordførarar frå heile landet reiste til Oslo grunna elendig kommuneøkonomi, med ei spessiell gåve til sin eigen minister, dei overrekte Erna ei øks og ba ho  "Kutta sjølv".  Når lokalpolitikarar og ordførarar no  reiser til Oslo for  å besøkje våre ministrar er det som oftast ikkje  for å be om meir pengar slik at kommunen skal klare å levere lovpålagte tenester,  men for å diskutara ei eller anna satsing som ein har lyst til å få til i kommunen eller fylket. Kanskje dei også av- og til skryt litt av kva regjeringa  har oppnådd med kommuneøkonomien. Ja måtte det ikkje skje at det vert regjeringsskifte til hausten. Det er opp til oss som er her å gjera media sin spådom om det til skamme.

Valet vert ikkje avgjort av media, valet vert avgjort i dei gode samtalane mellom mennesker i lokalsamfunnet. Difor er det viktig at me i lokallaga i Hordland Senterparti snakkar politikk, og verdival med folk flest. Gjer me jobben vår, så stemmer folk som dei har gjort dei siste  Stortingsvala, og me får gleda av å ha Liv-Signe sitt lag i regjering  enno lengre!

Senterpartiet vert ofte forsøkt stigmatisert som eit bondeparti med sær- interesser for ei næring, eller eit distriktsparti utan bypolitikk og gode løysingar for byane. Dette er ei utfordring ikkje minst her i det "blå - blå" Hordaland, der me har både storby og småbygdesamfunn tett på kvarandre. Vis meg kva Senterpartiet har gjort i  kommunane våre, på Fylkestinget, og ikkje minst i Storting og Regjering som er i vegen for eit blomstrande næringsliv,og tenesteproduksjon over heile landet,-gode liv anten det er på Landås eller på Austevoll. Vis meg det!. Eg meinar ikkje det er noko meir gale i å forsvara norsk matproduksjon enn norsk oljeproduksjon,  vegbygging i heile Noreg der industrien og næringslivet er. For ikkje å snakka om våre løysingar for bylufta i Bergen og kollektivtransporten i heile Hordaland .Senterpartiet er det mest solide valet for deg sjølv og dine næraste uansett staus eller inntekt. Ja, skulle eg få lova å ta fram ein kjerneverdi frå bygde/ bondesamfunnet, ville det vera; entreprenørskap og familiesamhald. Det er ikkje noko som er meir inn i tida enn ungt entreprenørskap og satsing på kreativitet og nyskping. Verdiar som bærekraftig forvaltning og hausting av overskotet er nedarva i generasjonar i Senterpartiet. Gode nærmiljø som er passeleg store til å kjenne både tryggleik og fridom for den enkelte er viktig enten ein er i by- eller på bygda.

Rossavik i BT var i sin leiar denne veka inne på kvifor ikkje småpartia i Noreg hadde større oppsluttning enn 4-5% når spørjeundesøkjingar viser at eksempelvis i EØS spørsmålet er 70- 80% av befolkningen einige med oss. Det handlar om at veljarane er opptekne av fleire saker når dei skal avgjere kva dei skal stemme og at dei store partia har sakseigarskap til fleire saker enn oss som naturleg er. Val handlar om tilltit- tilltit til at partia vil agera slik som dei lovar også etter valet. Senterpartiet har vore garantisten for at Noreg fortsatt har sjølvråderett i eige land.  Med Senterpartiet i regjering har me vist at det er handlingsrom i EØS avtalen til å bruke vetoretten, og til å innføre heilt nødvendig auke i oste- og kjøtttollen, for å sikra at den norske forbrukaren også i framtida kan velje norskprodusert ost og kjøtt. Grunna vårt NEI i 72 og 94 har me fortsatt styring i eige hus.   Nasjonalstaten er den beste redskapen til å rydde opp når det" brenn i kjellaren" slik som når finanskrisa kom. Noreg hadde reiskapen og kunne ordna opp i eige hus og sløkkja brannen sjølv. Som senterpartistar kan me retta ryggjen og vera stolte av kva vårt parti har oppnådd for landet og folket vårt.

Me er kanskje små men ved å gje ei stemme til Senterpartiet er det litt som å handla på Dressmann. betal for to få tre. Det er nesten utruleg kor mykje me oppnår med 6% oppslutning så berre tenk kva det blir om me får 8-10%.

Kjære fylkesårsmøte, eg har sett fram til desse knappe to dagene me skal vera i lag her på Hotell Ullensvang. Me skal meisla ut gode strategiar, bli betre kjennde knytta nye kontaktar, og finna ny energi og motivasjon for å nå målet om eit Senterparti med kraft til å vera endå: Tidlegare, tydlegare, og tryggare i kommande Stortingsperiode.

Så folkens- rett ryggen og bli med på laget med stoltheit og glede!

Takk for merksemda.