Meny

Kjersti Topp i BT; For dei fødandes skyld

For dei fødandes skyld Vi treng no ein open og kritisk gjennomgang av fødetilbodet ved kvinneklinikkane.

Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus er ein viktig helseinstitusjon på Vestlandet, som skal yte fagleg forsvarlege tenester. Derfor er det alvorleg når KK får sterk kritikk frå eigne jordmødre, som åtvarar kvinner mot å føde der om helgane. Dette må føre til ein nøye og helst ekstern gjennomgang av fødetilbodet ved kvinneklinikken i Bergen, inkludert kvinneklinikkar i andre byar.

Majoriteten av kvinner føder i dag på kvinneklinikkar, lik den på Haukeland. Under ti prosent av fødslane i Norge går føre seg på dei små fødeinstitusjonane med mindre enn 500 fødslar. Men det helsepolitiske fokuset har vore på dei små fødeavdelingane.

Små fødeavdelingar blir til og med lagt ned, fordi politikarane meiner dei ikkje kan fylle visse kvalitetskrav i framtida, som på Nordfjordeid. På den andre sida er det helsepolitiske fokuset på dei store fødeklinikkane nærmast fråverande.

Les også

I april 2010 kom Helsedirektoratet med rapporten: «Et trygt fødetilbod - forslag til kvalitetskrav for fødeinstitusjoner». Kvalitetskrava blei utarbeida etter bestilling frå eit samla storting, som i Stortingsmelding 12 (2008-2009): En gledeleg begivenhet, vedtok at det skulle utarbeidast nye kvalitetskrav for både fødeklinikkar, fødeavdelingar og fødestover.

I kvalitetskrava er det slått fast at bemanninga ved kvinneklinikkane må vere tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg overvaking og behandling. Fødeklinikkane skal også oppfylle den faglege anbefalinga om at alle fødande kvinner skal ha ei jordmor hos seg under aktiv fase av fødselen.

Ifølgje ei kartlegging jordmorforbundet har gjort, omtalt i Aftenposten 17. juli 2015, seier halvparten av jordmødrene at dei ikkje får overvaka den fødande kvinna tilstrekkeleg under fødsel.

Ei av fire jordmødre seier dei må avvise kvinner som er i aktiv fødsel ifrå fødeavdelinga og at det sjeldan er nok jordmødrer til å følgje opp barselkvinner individuelt. Det blir og påpeika at uplanlagde heimefødslar og transportfødslar aukar dramatisk.

Les også

Vi treng no ein open og kritisk gjennomgang av fødetilbodet ved kvinneklinikkane. Dersom kvalitetskravet om «ein til ein»-oppfølging av fødande kvinner skal bli ein realitet, må det følgje ressursar med.

Å helgestenge fødestover, og samstundes garantere at «vi har alltid plass til deg», er dobbeltkommunikasjon. Kvinneklinikken i Bergen må synleggjere at dei innfrir dei nye kvalitetskrava. Dei fødande treng vite det.