Meny
Bli medlem

Kjersti Toppe: Bondesolidaritet

Sist endret: 16.03.2017 #Hordaland
Regjeringa har brote med jordbruksnæringa, og jordbruksavtalen er lagt fram for Stortinget. H/FrP-regjeringa vil tvinge fram ei omfattande sentralisering og strukturendring i matproduksjonen i landet. Det vil bli mindre lønnsamt å drive grasareal på vestlandet. Forbruket av korn til husdyra (kraftfôr) vil auke. Dette vil føre til at sjølvforsyninga i Norge blir ytterlegare svekka.

Bondesolidaritet.
 
Regjeringa har brote med jordbruksnæringa, og jordbruksavtalen er lagt fram for Stortinget. H/FrP-regjeringa vil tvinge fram ei omfattande sentralisering og strukturendring i matproduksjonen i landet.  Det vil bli mindre lønnsamt å  drive grasareal på vestlandet. Forbruket av korn til husdyra (kraftfôr) vil auke. Dette vil føre til at sjølvforsyninga i Norge blir ytterlegare svekka.

Stortinget må no ta ansvar for matvaretryggleiken i Norge - sjølvforsyninga av jordbruksvarer til det norske folk.
 Regjeringa sin jordbrukspolitikk er ein trussel mot vestlandsjordbruket. Mjølkeproduksjon, sauehald og fruktdyrking får alle endringar som sterkt favoriserer bruk med store produksjonsvolum. Slike som stort sett ikkje fins på Vestlandet.
 
Denne mørkeblå matpolitikken  har ikkje støtte i næringa, i stortinget eller hos folket. Men ingen bør vere overraska over at H og FrP fremjar den jordbrukspolitikken dei har gått til val på. No må bondevener bruke sine krefter på Listhaug sine støtteparti , KrF og Venstre.
Knut Arild Hareide (KrF) og Terje Breivik(V)   står no til ansvar for vestlandsjordbruket si framtid, for fruktdyrkinga i Hardanger. Dei kan ikkje gøyme seg bak " avtaleinstituttet". For i følgje Hovudavtalen for jordbruket er jordbruksforhandlingane  å oppfatte som ei førebuing til dei vedtak Stortinget skal gjere.
 
Dei kan heller ikkje skulde på Regjeringa. For Hareide og Breivik kan danne fleirtal for nye , djerve grep om jordbrukspolitikken saman med opposisjonen på Stortinget. Om dei vil.
 
Senterpartiet vil i Stortinget kjempe for auka sjølvforsyning av norsk mat og at inntektsgapet til andre grupper må tettast.  Vi veit at arbeidsbetalinga for eit vanleg, stort vestlandsbruk i dag er omlag halvparten av det ein gjennomsnittlig lønnsmottakar tener per time. Med så stort inntektsgap blir konsekvensen sjølvsagt rekrutteringssvikt. Men kven bryr seg?
 
Ikkje Regjeringa, som føreslår eit budsjettkutt på 250 millionar . Ikkje KrF og Venstre, som visst nok er nøgd med å nulle ut dette budsjettkuttet.    Ikkje Listhaug , som legg fram ein avtale som for det store fleirtalet av vestlandsbønder betyr minus, og som på Eidsvoll plass den 20.mai gjorde det heilt klart då ho ropte ut:  "Lønnsauke reknast i prosent ".
 
Bøndene svara med stillheit. Kanskje franske Marie Antoinette vart møtt på same vis, då ho ropte ut kvifor ikkje dei svoltne folka i landet hennar, som mangla korn og  brød,  berre kunne ete kake i staden?
 
Stortinget må vise solidaritet med dei tause bøndene på Eidsvoll plass. Stortinget må vrake Listhaug sitt tilbod. Rammene må aukast og fordelinga endrast. Ein skal ikkje gje til dei store ved å ta frå dei små. Det må vere lønnsamt å produsere  mat på vanlege vestlandsgardar.
 
Jordbruksoppgjeret handlar om meir enn kroner og ører. Det handlar om å snu utviklinga , og gjere det lønnsamt å auke jordbruksareal i drift. Det handlar om viktige verdiar som matvaretryggleik , dyrehelse og om korleis landet vårt skal sjå ut.
 
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Senterpartiet Hordaland.