Meny

Kjersti Toppe i BA: Styrk dei lokale kulturbygga!

Kjersti skriv i dag om å styrke momskompensasjonsordninga slik at dei frivillige organisasjonane kan oppgradere bygningane sine.

Styrk dei lokale kulturbygga.

 

Frå tidleg på 1900-talet blei det bygd mange hundretals ungdomshus, lagshus og andre typar forsamlingshus rundt om i Norge. Hordaland er eit fylke med særs mange slike lokale, organisasjonseigde kulturhus. Desse bygga var og er viktige for utviklinga av det lokale  foreiningsarbeidet og betyr  mykje for den levande kulturen og kulturlivet i både bygd og by.

Mange av dei lokale kulturhusa, som er drivne og drifta av frivillige lag, har i dag eit stort   vedlikehaldsetterslep og behovet for modernisering er stort. Dei frivillige laga kan ha driftskostnader til straum, vedlikehald og offentlege avgifter som er det mangedobbelte av det dei mottek i offentleg tilskot. Senterpartiet meiner difor at dei statlege støtteordningane for dei  organisasjonseigde kulturbygga treng styrkast.

 

Den gjeldande tilskotsordninga for lokale kulturbygg ,som fylkeskommunane administrerer, er ei viktig statleg støtteordning. Problemet er at dei frivillige laga her må  konkurrere om  tilskotsmidlar med dei store offentleg eigde kulturhusa. Erfaringa er at dei frivillige laga tapar denne tilskotskampen. Dermed tapar også den lokale kulturen. Senterpartiet har difor fremma forslag for Stortinget om å etablere ei eiga tilskotsordning for dei organisasjonseigde kulturbygga.

 

I 2010 vart momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar innført.  Denne støtteordninga treng justering. I dag gir staten momskompensasjon om dei frivillige organisasjonane til dømes skiftar ut gamalt bølgjeblekktak med nytt bølgjeblekktak på lagshuset sitt, men ikkje dersom dei vil oppgradere til takstein. Frivillige organisasjonar får nemleg ikkje momskompensasjon ved utgifter til nybygg, ombygg og påbygg av hus, dersom dette ikkje blir vurdert som kostnader til drift og normalt vedlikehald. Slik vert laget sin store dugnadsinnsats for den lokale kulturen, straffa med meirverdiavgift til staten.

 

Senterpartiet har fremma forslag for Stortinget om at momskompensasjonsordninga må utvidast til også å gjelde ny-, på- og ombyggingskostnader som dei frivillige laga og organisasjonane har. Saman med ei styrka tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg, vil dette sikre det frivillige kulturlivet betre støtte.

 

Skal ein satse på det lokale kulturlivet, den kulturelle grunnmuren, må ein støtte opp om dei organisasjonseigde kulturbygga . Då bør Senterpartiet sine forslag om dette få fleirtal, når desse skal behandlast av Stortinget til hausten.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet