Meny

Kjersti Toppe; Mitt nyttårsønskje, ein eigen folkehelseminister

For norsk helsepolitikk er på eit pinleg villspor. I debatten kom det fram at Høgre på to år har klart å innfri Arbeiderpartiets viktigaste val-løfte, nemleg 1 million fleire pasientbehandlingar. Men er dette noko å skryte av? Er fleire pasientar og 1 million fleire pasientbehandlingar det viktigaste valløftet? Er det ikkje eit nederlag?

For norsk helsepolitikk er på eit pinleg villspor. I debatten kom det fram at Høgre på to år har klart å innfri Arbeiderpartiets viktigaste val-løfte, nemleg 1 million fleire pasientbehandlingar. Men er dette noko å skryte av? Er fleire pasientar og 1 million fleire pasientbehandlingar det viktigaste valløftet? Er det ikkje eit nederlag?

Burde vi ikkje skamme oss? Bør ikkje norsk helsepolitikk i staden målast på nedgang i sjukdom og behandling? Som på kor mange færre tilfelle det vert i året av dei store folkesjukdommane som diabetes, hjarte- og karsjukdommar, kroniske lungesjukdommar og kreft?

Bør ein ikkje målast må om ein klarar å førebyggje psykiske lidingar hos barn og unge? Kvifor vert ein ikkje målt på kva ein gjer for å hindra at folk treng hjelp frå helsevesenet, frå skulehelsetenesta, frå fastlegen eller frå spesialistane på sjukehuset? Korleis i alle dagar er det blitt slik at fleire sjukehusbehandlingar og poliklinikk- konsultasjonar er eit symbol på vellukka nasjonal helsepolitikk? Det er eit totalt blindspor.

Svake grupper overses

Ein blir no målt på ventetider, fristbrot og effektiviteten i sjukehusdrifta m.m. Og ikkje minst på kor mange pasientar fastlegar og sjukehus klarer å behandla med minst mogleg bruk av ressursar. Ein vert målt på kor stor auke det har vore i helsestasjonsbudsjetta. Men ein måler ikkje kor vellukka politikken er for å skapa eit samfunn som gjer at færre treng hjelp frå helsesøster eller kommunepsykologen. Frå å skryte av ein politikk for å oppnå mange pasientbehandlingar, bør vi gjere det motsette. Målet til Arbeiderpartiet burde ha vore 1 million færre pasientbehandlingar. Ikkje fleire. Elles blir det som om brannvesenet skulle ha satt mål om 10 000 fleire storbrannar i året, eller om politiet skulle ha mål om ein dobling av grove voldstilfelle. Og skrytt av det.

I regjeringserklæringa til dei blå- blå står det at dei meiner at produksjon av velferdstenester skil seg lite frå produksjon av andre varer og tenester. Her ligg hunden gravlagt. Når regjeringa samanliknar «produksjonen» av pasientbehandlingar i helsevesenet med «produksjonen» av til dømes lenestolar på Møre, er det klart at ein auke på 1 millionar pasientbehandlingar på to år, er kjempebra. Men vi snakkar om sjukdom og menneskeliv. Då er det ikkje like enkelt. For det viktigast målet med denne bedrifta – Norsk helsevesen A/S – er primært at sjukdom ikkje skal oppstå. At behandlingsproduksjonen skal minke. For å oppnå det, må vi førebyggje.

Det viktigaste i helsepolitikken er nemleg folkehelsepolitikken. Norge har satt mål om å redusere førekomsten av såkalla ikkje- smittsame sjukdomar( diabetes, kreft, hjerte- kar og lungesjukdommar) med 25 % innan år 2025. For å klare det , må vi førebygge meir.

Men fokuset i norsk helsepolitikk er ikkje der. Då finansminister Siv Jensen la fram statsbudsjettet tidlegere i haust, nemnte ho ikkje folkehelse eller førebygging med eitt einaste ord. Då statsråd Bent Høie hadde innlegg i helsedebatten i stortinget måndag 19. desember 2016, var det like eins. Heller ikkje han nemnte ordet folkehelse eller førebygging. Ikkje i det heile. Helseministeren vår snakka bare om «pasientens helseteneste».

Høie gir oppstrammer til Helse Bergen

For regjeringa sitt mål med helsepolitikken er nettopp å skape pasientens helseteneste. Då er det vel ikkje rart om vi får noko som liknar. Men ein helsepolitikk for dei som ikkje aktar å bli pasient, den fins ikkje.

Målet med helsepolitikken aldri må verta å behandla flest mogleg pasientar eller setja nye rekordar i reduksjon i liggjedøgn. Målet med helsepolitikken er å skapa best mogleg helse for alle. Diagnostisering og behandling av sjukdom er viktige samfunnsoppgåver, men førebygging av sjukdom er endå viktigare Så kjære Statsminister Erna Solberg. Kan du dele helse – og omsorgsdepartementet i to?

Og så gi oss ein ny statsråd. Mitt nyttårsønskje er ein eigen folkehelseminister i Norge. Målet til denne er å gi Bent Høie, «pasientens helsetjeneste-minister», minst mulig å gjere.